Festival: Kaiområdet i Fitjar sentrum plar bogna over med folk og salsbuer i august. Her frå Fitjarfestivalen i 2017. Foto: Ole Alexander Saue

Stopp for Fitjarfestivalen i 2020

Det vert heller ikkje festival i Fitjar som normalt i år.

Laurdag gjekk kulturminister Abid Raja (V) ut med koronareglane for arrangement i sommar, som gjorde det klart at det ikkje vert lov med arrangement som samlar fleire enn 500 menneske fram til 1. september. Dermed kom avlysinga av det ein arrangementet etter det andre, som mellom andre Tysnesfest og Fest i Vest.

På Fitjar går vanlegvis Fitjarfestivalen av stabelen årleg ei heil helg i august.

– Det vert nok ingen festival i år. For oss er det umogeleg å seia kor mange som eventuelt kjem, så det går berre ikkje, seier styreleiar Thomas Helland til Sunnhordland.

Les også
Populære turar med Elias-båten

Kanskje arrangement

Styreleiaren fortel at dei har venta i det lengste for å finna ut kva dei skal gjera, og at håpet heile tida har vore å sleppa avlysing. Helland utelukkar ikkje at andre typar arrangement no kan verta diskutert i staden.

– Kanskje noko enklare, som til dømes ein mindre konsert. Ingenting er planlagd enno, men mogelegheitene er jo der for noko anna, fortel styreleiaren.

Les også
Lite fangst i fiskekonkurransen

Om det vert festival seinare på året, eller om alt vert skyvd til 2021, er vanskeleg å seia.

– Eg tenkjer i utgangspunktet det er betre med ein stor festival til neste år, seier Helland.

Likt for alle

Eigentleg skulle det vera årsmøte for Fitjarfestivalen 23. mars, som naturlegvis ikkje kunne gjennomførast på grunn av koronakrisa.

– Difor har me til gode å setja saman eit nytt styre. Me har heller ikkje fått booka artistar, så me ser ikkje på nokre store tap enno, fortel Helland.

Sjølv har han vore med i festivalstyret i to år, det siste året som leiar, og synest det er leit at det ikkje vert festival som normalt i år.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Men det må berre verta sånn. Det er likt over alt. Sjølvsagt er det trist, for alle som plar koma og spesielt for alle som stiller ut. Me har satsa mykje på lokalmat dei siste åra og det har komme utstillarar frå heile Sunnhordland, fortel styreleiaren.

Les også
Bjørn Jensen trekte fullt hus på Fitjar