Hurra: Få med deg bursdagssending frå taket på Sunnhordland-bygget i Borggata i kveld. Der møter du mellom andre Hannah Stenersen og Oscar Bergesen Vatle frå Stprd-russen i samtale med programleiar Kjetil Østrem. Foto: Vidar Hope

Sunnhordland sender bursdagsshow i kveld

Det blei ingen tradisjonell kakefest for 118-åringen Sunnhordland i vår. Men fest blir det uansett.

Heilt sidan 1992 har Sunnhordland, som den gong fylte 90 år, invitert lesarane til kakefest i Borggata. På grunn av begrensingane koronaviruset fører med seg blei det ikkje høve til å dela ut 1.200 kakestykke i år. I staden har lokalavisa laga ei bursdagssending med gjester, innslag og konkurranse.

I kveld, søndag, klokka 20.00 kan du sjå showet her på Sunnhordland.no. Programleiar Kjetil Østrem får besøk av alt frå varaordføraren som har steppa inn i ordførarrolla to gonger, Jens og Reidar Hystad som fortel om korleis jubilanten Sunnhordland står seg etter 118 år, revystjerna og årets namn i Sunnhordland 2019, Åge Stokken, om å ikkje stå på scenen denne våren, I tillegg kjem Bjørn Arve Lunde og Lubbenissane i studio.

Sunnhordland har også vore ute og snakka med musikantar i Fitjar skulekorps, møtt den nye Sunnhordland-redaktøren og hesten hennar, treft far og dotter Øyvind og Martine Mellemstrand på fotballbanen og ikkje minst hatt ein trilletur med den nybakte tvillingpappaen Gaute Straume Epland.

Tradisjonen tru blir det også konkurranse med fine premiar for Sunnhordland sine abonnentar.

Sjå sendinga her: