Foto: Promo

Svensk band på turné i Sunnhordland

Violet Green er eit band med seks kvinner frå Stockholm. Dei har turnert rundt om i Sverige dei siste tre åra med ein konsert dei har kalla «A tribute to women pioneers In blues and rock ’n’ roll».

No er dei inviterte til Norge og Vestlandet av Maria Malmsten, som såg framsyninga i Stockholm og vart svært begeistra.

– Det var verkeleg bra, og dei har hausta mykje fin kritikk for framsyninga. So no kjem dei til Vestlandet i perioden 15. – 23. september, der dei skal opptre fleire stader, blant anna i Kvinnherad, Bergen, Haugesund og Bømlo. Dei skal ha tre framsyningar på Stord, og i tillegg skal dei ha forelesingar på Skeisvang ungdomsskule, Universitetet i Bergen og Stord vgs., fortel Malmsten.

Sjekk kulturkalenderen for heile Sunnhordland her!