Anders Totland har hatt stor suksess med boka «Den norske slavehandelen». No er han nominert til pris.
Anders Totland har hatt stor suksess med boka «Den norske slavehandelen». No er han nominert til pris. Foto: Andrea Rocha Photography, NBBK

Totland nominert til pris for boka om norsk slavehandel

– Utruleg stas, seier forfattaren.

I dag blei dei nominerte til Kulturdepartementet sine prisar for barne- og ungdomslitteratur utgjeve i 2018 gjort kjent. Anders Totland er nominert i fagbokprisen med «Den norske slavehandelen» på Gyldendal.

Boka, som er illustrert av teikneserieskapar Kristian Krogh-Sørensen, hausta lovord frå kritikarane. Boka tek for seg Norge si deltaking i slavehandelen på 1600-1800-talet, ei historie som nok har vore lite kjent for mange.

– Det er utruleg stas. Spesielt sidan dette er den første boka i eit større prosjekt som hittil ser ut til å bli minst tre bøker i same stil, er det veldig kjekt med ei slik anerkjenning for den første boka, som også er den første boka eg har skrive i denne sjangeren, seier Totland til Sunnhordland.

Les også:Totland skriv om norsk slavehandel

Uavhengig av denne nominasjonen vil boka framover nå eit endå større publikum.

– Mottakinga har vore veldig god. Først med overveldande gode kritikker og mykje omtale, og no nyleg har boka blitt valt ut til to av Foreningen!les sine kampanjar, som betyr at smakebitar frå boka når ut til fleire hundre tusen skuleelevar, seier Totland.

For bokåret 2018 er til saman 24 forfattarar, illustratørar, oversettarar og teikneserieskaparar nominert innan sju priskategoriar. Denne gongen vil det også bli delt ut ein spesialpris som vert offentleggjort under prisutdelinga.

Kultur- og likestillingsminister Trine Skei Grande (V) deler ut prisane torsdag 14. mars.

Anders Totland var inntil våren 2018 kollega med oss i Mediehuset Sunnhordland.

LITTERATURPRISEN

- Bjørn Ingvaldsen: Apollo, Gyldendal

- Ruth Lillegraven: Skogen den grøne, Samlaget

- Liv Marit Weberg: Påstander om meg i tilfeldig rekkefølge, Aschehoug

BILDEBOKPRISEN

- Ingeborg Eliassen og Hilde Hodnefjeld (ill.): Du tror det ikke før du får se det, Cappelen Damm

- Synne Lea og Stian Hole (ill.): Du og jeg, Cappelen Damm

- Ragnar Aalbu: Hakk o ve, Ena forlag

FAGBOKPRISEN

- Marta Breen og Jenny Jordahl: Kvinner i kamp, Cappelen Damm

- Lena Lindahl: Jenta i veggen, Cappelen Damm

- Anders Totland: Den norske slavehandelen, Gyldendal

DEBUTANTPRISEN

- Mathias Nyhagen Asplund: Der ingen finn oss, Cappelen Damm

- Ane Barstad Solvang: Frykt og medlidenhet, No Comprendo Press

- Pia Tveterås: Tordivel, Omnipax

TEIKNESERIEPRISEN

- John S. Jamtli: Sabotør, Cappelen Damm

- Steffen Kverneland: En frivillig død, No Comprendo Press

- Sigbjørn Lilleeng: Nagel, Jippi forlag

ILLUSTRASJONSPRISEN

- Lisa Aisato for illustrasjonene til Til ungdommen av Linn Skåber, Pitch forlag

- Hilde Hodnefjeld for illustrasjonene til Bonsai av Simon Stranger, Magikon

- Mari Kanstad Johnsen for illustrasjonene til Skogen den grøne av Ruth Lillegraven, Samlaget

OVERSETTERPRISEN

- Hilde Stubhaug for oversettelsen fra amerikansk-engelsk av Katherine Marsh: Gutten i kjelleren, Gyldendal

- Tor Tveite for oversettelsen fra finsk av Tuutikki Tolonen: Monsterreisen, Gyldendal

- Carina Westberg for oversettelsen fra engelsk av Matt Haig: Jenta som reddet julen, Cappelen Damm