Oda Volden de Fine og Fitjar Ungdomsråd arrangerer direktesendt kahoot heile veka. Arkivfoto: Ingvild Siglen Berger

Ungdomsrådet held direktesendt quiz og online-turneringar

Kvar kveld denne veka arrangerer Fitjar Ungdomsråd live kahoot på Facebook-sida deira.

– For at folk ska ha noko kjekt å vera med på i desse koronatider, seier Oda Volden de Fine i ungdomsrådet.

Tidspunktet for kahoot er klokka 19.00 kvar dag, og alle som vil kan vera med.

– Minner om at det kan vera lurt å ha livesendinga på ein skjerm slik at ein ser spørsmåla heile tida, mens ein spelar på ein annan skjerm. For eksempel å ha livesendinga på pc-en og svara med telefonen sin, skriv ungdomsrådet på Facebook.

I tillegg skal ungdomsrådet i samarbeid med Fitjar Folkebibliotek arrangera online-turneringar i både Minecraft og Fortnite. Dette skjer laurdag 4. april, og påmelding er innan fredag.

– NB! Avgrensa plassar, så ver rask! melder arrangøren.