Fitjar ungdomsråd og leiar Oda Volden de Fine arrangerer diskotek for ungdom under Fitjarfestivalen.
Fitjar ungdomsråd og leiar Oda Volden de Fine arrangerer diskotek for ungdom under Fitjarfestivalen. Foto: Ingvild Siglen Berger

Ungdomsrådet søkjer diskotek-vakter

Ungdomsrådet i Fitjar arrangerer i år ungdomsdiskotek under Fitjarfestivalen 9. august.

I høve ungdomsdiskoteket under Fitjarfestivalen søkjer ungdomsrådet vakter som kan vera med.

– Me treng omkring tolv vakter, som står to timar kvar, fortel Oda Volden de Fine i ungdomsrådet.

Diskoteket er på Fitjar kultur- og idrettsbygg om fredagen festivalhelga, frå klokka 19 til 23. DJ August frå Bergen tek turen, og det heile er eit rusfritt arrangement.

– Det var veldig mange som kom i fjor, også tilreisande, fortel de Fine, som håpar mange vil vera med på diskoteket i år òg.

I fjor var det i tillegg Fitjar Got Talent, men det vert ikkje arrangert i år.

Les også:Støttar festival med 50.000 kroner

Fredag hadde ungdomsrådet møte, og dei tek no ein liten pause før rådet startar opp att til hausten.

– Det er fleire som flyttar på seg no, så me må truleg ha inn nokre nye medlemmer, fortel de Fine.

Sjølv byrjar ho i 1. klasse på helse- og oppvekstfag på Fitjar vidaregåande skule, og held difor fram i ungdomsrådet. Det siste året har rådet hatt mange saker på bordet.

– Me har avslutta mange av dei, og til dømes hatt ein god prat med helsestasjonen. Kvar haust plar me gå rundt i klassane ved skulestart og høyra om nokon har saker dei vil me skal ta opp. Me ønskjer i alle fall å få til eit LAN igjen, truleg i november, seier de Fine.