Utsatt: Gjertruds Sigøynerorkester har gjeve ut mange plater sidan orkesteret vart danna i 1989. Fredag skulle dei til Fitjar med Helge Jordal som gjest, men no er konserten utsatt. Foto: Pressefoto

Utset konsert på Fitjar

Fitjar Kammerkor utset konserten med Gjertrud’s Sigøynerorkester og Helge Jordal, som skulle finna stad i Fitjar kultur- og idrettsbygg om kvelden fredag 13. mars.

– Me gjer dette for å følgja retningslinjene som FHI har kunngjort, med restriksjonar for arrangement med meir enn 100 personar. Denne sprudlande musikalske opplevinga fortener ein fullstappa kultursal og topp stemning, så me har difor sett ny dato for konserten: 30. oktober, og satsar på at alle dei som hadde kjøpt billett til denne konserten møter opp då!, skriv Fitjar Kammerkor i ei pressemelding.

Alle som har kjøpt billettar får refundert pengane. Ein kan ta kontakt med Fitjar kultur- og idrettsbygg for dette.

Les også
Måtte i karantene etter Sicilia-tur