SAKN: Maria Camila og Dorthea besøker grava til foreldra/besteforeldra. Dei skulle ønska det ikkje var her dei måtte besøka dei. Foto: Kristine Brandsdal Barane

– Kvifor vart det eg som mista foreldra mine så tidleg?

Maria Camila Agdestein (24) ligg i senga heime i leilegheita si i Valvatnafeltet, saman med sambuar Børge Thomassen (28) og dottera Dorthea (3). Klokka er fire om natta og telefonen byrjar å ringa. Den står på lydlaus. Det einaste som lagar lyd i den stille sommarnatta i august, er vibreringa frå nattbordet.