LINDA OG KEIKO: Linda Aase flytta til Reksteren, Tysnes og bur no i eit hus frå 1960. Her har ho skapa seg eit nytt liv, med ny bedrift, sauer og kvalpen Keiko. Foto: Iris Elin Ullvang

Aase til unnsetning: Ei historie om sauer og gründerverksemd på Tysnes

Den spontane stordabuen Linda Aase ville gjera noko heilt nytt og bestemte seg for å flytta til ein aude stad, utan jobb og mobildekning. Rundt eitt og eit halvt år etter har mykje forandra seg i kvardagen hennar; 29-åringen har starta eiga bedrift, og kjøpt sauer og kvalp. Enno har ho idear på lur.