STOR DAG: Månadene før den viktige dagen i fjor haust, bestod av grundige førebuingar for Tone Vik. Her heime i leilegheita i Haugesund. Foto: Grethe Nygaard

«Nokon er fødde med dårleg syn, andre blir venstrehendte eller får raudt hår. Eg er nok fødd med ein hjerne og kropp som ikkje er heilt synkroniserte»

Tenk deg at du lever livet ditt i nesten femti år, vel vitande om at noko ikkje er heilt som det skal vera. Allereie som barn kjenner du deg annleis, det er eit eller anna som ikkje stemmer. Ja, du kan prøva, men klarer truleg aldri å setja deg inn i det. Med mindre du òg er fødd i feil kropp.