Lesarbrevskribentane uttrykkjer stor bekymring for framtida til Fitjar Frivilligsentral. På biletet er Hrafn Thorsteinsson (til v.), Kari Nøstbakken, Victoria Drønen (6), Ellinor Austad Bergesen og Odd Bondevik på sentrumsdagen i Fitjar tidlegare i år. Foto: Henrik Mundal Andreassen

20 år med Frivilligsentral i Fitjar! Går det no mot slutten?

Budsjettforslaget 2020 for Fitjar kommune viser eit kutt på 200 000 kroner av støtta til Fitjar Frivilligsentral. Det er foreslått ei støtte på 460 000 kroner, men i realiteten er det ca. 46 000 kroner frå kommunen. Årsaka? Kommunen får ei statleg støtte på 414 000 NOK som følgje av at kommunen har ein Frivilligsentral.

Blir sentralen avvikla, forsvinn disse midlane.

Og blir sentralen avvikla? Vel, utan tilbakeføring av kr 200.000,- i 2020 og vidare, meiner styret i Fitjar Frivilligsentral at det ikkje er grunnlag for dagens drift og styret må vurdere avvikling av sentralen.

Dette betyr at innbyggjarane vil miste svært mange positive tilbod, som førebyggjer både med omsyn til unge og eldre. Kven skal ta over matutkøyringa? Utan denne kan kommunen risikera at fleire brukarar treng dagplass. Har kommunen rekna på meirkostnadane dette vil medføre for Fitjar Kommune sine andre budsjettpostar?

Utan aktivitetar som trening og sosialt samvær for eldre, vil enkelte eldre ikkje kunne bu heime så lenge som i dag. Sjukeheimsplassar kostar også pengar for Fitjar kommune.

Gjennom Ope Hus blir det gjort førebyggjande arbeid for å redusere utfordringar med rus og psykiske plager blant ungdom. Kven skal ta over dette arbeidet?

Under har me lista opp nokre av dei oppgåvene som Frivilligsentralen i Fitjar løyser:

•Matutkøyring for eldre

•Reisevener/følgje til sjukehus, tannlege, røntgen, etc.

•Førebyggjande trim og sosial samling for eldre

•Matprosjekt (felles middag for eldre/einslege — ny aktivitet frå nov)

•Samarbeid med skulane (bl.a. Aktive Saman)

•SLT-koordinator i 20 % stilling

•Ope hus for ungdom

•Koordinering av trafikksikringsdag

•Tilskiping av arrangement for eldre

•Vakt ved Kultur/Idrettsbygget

•Koordinering av bading ved bassenget

•Kaffistund/sosial samling ved bueining for eldre

•Inkluderingsarbeid

•Ivaretaking av frivillige

•Tilbod til lag/organisasjonar om praktisk oppgåveløysing

•Utkøyring av strøsand til eldre heimebuande gjennom frivillige

•Frivilligsentralen gjennomfører også ulike prosjekt med støtte frå næringslivet

Kven skal ta over alt dette? I 2018 var heile 235 personar frivillige, som utfører ca. 4,5 årsverk. Dette kan stipulerast til ein verdi på ca. 2,5 millionar kroner. Ikkje berre er det mange som vil kjenne på kroppen at ein ikkje har same tilbod som før. Men kva med alle dei som gler seg over å få vera frivillig?

Styret i Fitjar frivilligsentral oppmodar politikarar som skal vedta framtidige budsjett, om ikkje å rasera frivillig sektor, slik det no ligg føre. Me ber om tilbakeføring av foreslått nedskjering på kr 200.000 i kommunalt tilskot. I tillegg ynskjer me ein langsiktig samarbeidsavtale med Fitjar kommune.

Hrafn Thorsteinsson (styreleiar)

Odd Bondevik

Sigrunn Eiken

Kari Nøstbakken