FRIVILLIG ARBEID: – Tenk kor fattige me ville vore om alt frivillig arbeid hadde stoppa opp, skriv Fitjar-ordførar Harald Rydland. Foto: Harald Rydland

«2022 - eit år for håp og frivillig arbeid»

Etter enno eit år med pandemi, restriksjonar og opp- og nedturar, er me trøytte nokon kvar og ser fram mot ein normal kvardag. Eg håpar koronaviruset snart slepp taket, og at 2022 skal bli eit godt år for Fitjar.

Mitt inntrykk er at det er optimisme og framtidstru som får rå i bygda vår. Sjølv om ikkje alt har gått vår veg dei siste par åra , er det mange gode teikn i tida. Fleire positive utviklingprosjekt, der kommunen, næringslivet og frivillige organisasjonar er involverte på ulikt vis, vil byggja Fitjar for framtida. Fødseltalet er på veg oppover etter eit år med få nyfødde. Me har fått melding om at tett på 20 nye Fitjarbuar er forventa født alt før april er ute. Elles arbeider me aktivt for å få fleire til å flytta til Fitjar, m.a. gjennom arbeidet i tilflyttarpanelet der me får nyttige tilbakemeldingar på kva som skal til for at eit lokalsamfunn er attraktivt for unge familiar.

I Regjeringa si frivilligmelding frå 2018 er det fastsett at 2022 skal vera frivilligheten sitt år. Tenk kor fattige me ville vore om alt frivillig arbeid hadde stoppa opp innan idrett, song- og musikk, kyrkje- og misjon, underhaldning, lokalhistorie og alt det andre som føregår i dei omlag 70 frivillige organisasjonane i bygda vår. I Fitjar har me og ein flott frivilligsentral som inspirerer og legg til rette for stor frivillig innsats.

Eg håpar me kan bruka frivilligåret til å motivera dei som alt driv frivillig arbeid til å halda fram, og i tillegg inspirera nye frivillige medarbeidar til å vera med. Eg har ikkje høyrt om nokon som har slite seg ut av frivillig arbeid. Tvert i mot snakkar eg stadig vekk med folk som er oppstemte og let vel over kor mykje det gjev dei å få delta saman med andre i positive aktivitetar.

Pandemien har sett grenser for ein del av den frivillige aktiviteten vår, men den har og avdekka større behov for frivillig arbeid på nokre område. Fleire som slit, eller kjenner på einsemd har hatt det krevjande under pandemien. Her kan det gjerast mykje godt frivillig arbeid gjennom besøksteneste, telefonsamtalar, invitasjon til aktivitetar og anna som er kjekt. Ikkje kvi deg for å ta kontakt, for di hjelp kan bety svært mykje for den eine som nett hadde bruk for at du ville stilla opp.

Bruk året 2022 godt for deg og andre. Då kan me gå vidare med håp og tru om gode tider for Fitjarbygda og oss som bur her.

Artikkelen held fram under annonsen.

Godt nytt år!

Venleg helsing

Harald Rydland

Ordførar i Fitjar