EITT ÅR I FRONT: – Påkjenninga er ikkje mindre ved tanken på å kunne dra med seg smitte inn i barnehagen og vere den som opplev å bere skulda for å ha smitta barn og kollegaer, skriv tillitsvalde i barnehagar i lesarbrevet. Illustrasjonsfoto: Colourbox Foto: Colourbox

Å balansere på ei særs stram line

I vel eit år har Covid-19 herja både innaskjers og utaskjers og mang ei yrkesgruppe har innteke heimekontorets trauste, men trygge fasilitetar. For barnehagelæraren og andre tilsette i barnehage har det ikkje vore høve til dette. Kven skulle vel trudd, for eit år sidan, at vi, kvar einaste dag i over eit år fram i tid, skulle stå i førstelinja utan anna å verne oss med enn litt ekstra handsprit i lomma?

Det å stå i førstelinja over så lang tid er krevjande, både psykisk og fysisk. Sjølv om tilsette ikkje kan verne seg sjølv med smittevernutstyr, er krava til smittevernreglar i barnehagen mange, og dei endrar seg i takt med pandemien si utvikling. Smittevernrettleiarar skal implementerast og gjerast kjent etter kvart som endringar skjer. Det er trafikklysmodellar, med ulike tiltak for om lyset er grønt, gult eller raudt, og det er jammen ikkje alltid lett å hengje med på kva reglar som gjeld til kva tid. Endringar mellom dei ulike nivåa på lysa kan skje raskt, og tilsette må tilpasse seg deretter. Det er rutinar som skal følgjast og ikkje minst skal det dokumenterast. Alt dette krev tid, tid som ein skal bruke på det pedagogiske arbeidet knytt opp mot barna. Mangel på økonomiske ressursar og kvalifiserte vikarar, gjere til at ein i mange høve opplev at ein ikkje klarar å etterleve dei lovpålagte krava.

Les også
– Mange er svært slitne og det er eit veldig sårbart system ein har lagt opp til

Vi erfarer at tilsette i barnehagane er uroa over eiga helse, der ein kan pådra seg smitte på jobb og smitte andre i familien. Påkjenninga er ikkje mindre ved tanken på å kunne dra med seg smitte inn i barnehagen og vere den som opplev å bere skulda for å ha smitta barn og kollegaer. Det er ei stor psykisk påkjenning for dei tilsette. Arbeidsmiljølova sitt formål er å sikre at alle arbeidstakarar har eit trygt og godt arbeidsmiljø. Både psykisk og fysisk. Det skal vere helsefremjande å gå på jobb. Vi balanserer på ei særs stram line der moglegheitene til å etterleve eit forsvarleg smittevern for tilsette ikkje er til stades. Kva skjer når den særs stramme lina raknar?

I samfunnsdebatten erfarer vi at både politikarar og andre er opptatt av at barnehagane skal vere mest mogleg opne under pandemien, med normal opningstid. Det kan hende er rett, men det kan sjølvsagt ikkje vere til kvar ein pris. Moglegheita til å halde få nærkontaktar for barn og tilsette er mindre med lange opningstider. Erfaring viser at ein då må samarbeide meir mellom avdelingane, eller kohortane som visstnok er det nye namnet under pandemien, for å få dagen til å gå rundt. Barnehagen er ein viktig samfunnsinstitusjon, men kva legg ein eigentleg i det? Viktig for kven? Viktig for å holde hjula i samfunnet i gong? Viktig for at foreldre skal kunne gå på jobb?

Ja, det er klart at barnehagen er viktig for samfunnet, men barnehagen er først og fremst ei pedagogisk verksemd, som er og skal vera, viktig for barna.

Formålet for barnehagen er: «Barnehagen skal i samarbeid og forståelse med hjemmet ivareta barnas behov for omsorg og lek, og fremme læring og danning som grunnlag for allsidig utvikling Barnehagelova § 1. Lov om barnehager (barnehageloven) - Lovdata»

Les også
Foreldre valde å halda barna sine heime frå skulen: – Smittetilfellet bekreftar tanken vår

Vi treng at du som politikar anerkjenner barnehagen som pedagogisk verksemd for barna, både under og etter pandemien. Det er du som politikar som kan gje oss rammene vi treng, slik at vi, som har kunnskap om barn, kan gjere jobben vi har mandat til å gjere!

Vår erfaring er at desse rammene absolutt ikkje er gode nok, og at den særs stramme lina som tilsette i barnehagane balanserar på, og har balansert på lenge, er i ferd med å briste. Dette er ikkje til det beste for nokon og spesielt ikkje for den pedagogiske verksemda som barnehagen er meint å vere.

Vi treng auka kompetanse, auka bemanning og auka anerkjenning for barnehagen som pedagogisk verksemd, for å kunne etterleve dei lovpålagte krava.

På vegne av Utdanningsforbundet Stord

Artikkelen held fram under annonsen.

Barnehagelærarar og tillitsvalde

Solfrid Furre

Ragnhild Omvik Bratseth

Andreas Sumstad Arne