SJANSE: - Gi desse ungdommane ein real sjanse. Kall dei inn til ein god samtale, skriv Susan Hassan og Per Jan Ingebritgsen. Frå venstre: Samah Ibrahim, Tesfai Zerea, Khalil Shekho, og butikksjef Cecilie Meling. Arkivfoto: Henrik Mundal Andreassen

Å ha ein jobb å gå til

Det gjer noko med oss, dette å ha ein jobb å gå til. Om ein er skuleelev som gjerne vil jobba deltid – eller om ein er ferdig med skule, og søkjer ein heiltidsstilling.

Tena eigne pengar. Vera til nytte i samfunnet. Læra seg eit yrke. Det avlar sjølvtillit. Ein får prøva ut talentet sitt og ein får bryna meiningane sine, der ein i eit trygt miljø, kan verta korrigert av gode arbeidskameratar. Kort og godt, bli integrert i eit verdfullt fellesskap.

Det svir å bli ståande utanfor, uansett kva det grunnar i. Og det svir nok ekstra for unge av anna etnisk opphav enn det norske.

I samtale med sistnemde gruppe her på Stord, fortel fleire om korleis det kjennest å søkja jobb og ikkje ein gong bli kalla inn til intervju.

Kva grunnar det i? spør fleira. Er det hudfargen min? Kleda mine? Religionen? Eller kanskje det er namnet. Mange trur det er det siste. Namnet - som for det etniske norske øyret, kling framandt.

Ungdommane me høyrde ta opp problemet på eit møte fredag 9. oktober, talar i alle høve flytande norsk. Ja, plettfri lokal dialekt, slik det lydde i øyret på ein gammal norsklærar i vidaregåande skule. Så språklege barrierar kan ikkje vera ei årsak.

Dette er ungdommar som så altfor ofte vert konfronterte med den gamle myten om at dei er kommen til Noreg for å leva det glade ansvarslause livet som NAVARAR.

Me veit at fleire verksemder, særleg innan daglegvarehandelen, har vore flinke i integreringsarbeidet – og det skal dei har mykje ros for, men innanfor mange andre bransjar har me mykje å gå på, også her på Stord.

Me meiner ikkje at det skal vera nokon forfordeling av jobbar til unge av anna etnisk opphav enn det norske, men me vonar å puffa litt på, slik at dei får stilla på same startstrek. No har mange ei kjensle av at dei stiller, slik dei beste travhestane må stilla på veddeløpsbana, med nokre meters tillegg når startskotet går. Då når dei ikkje att etniske norske jambyrdige.

Om ein ikkje gjev dei ein sjanse, går desse glipp av læring gjennom jobbsamhandling – og næringslivet går garantert sikkert glipp av mange dyktige unge, med famnen full av arbeidsglede.

Artikkelen held fram under annonsen.

Så vår oppfordring til det lokale næringslivet vert: Gi desse ungdommane ein real sjanse. Kall dei inn til ein god samtale.

Stord Arbeidarparti

Susan Hassan

Per Jan Ingebrigtsen