– Alle forstår at ekspropriering kan vera naudsynt med tanke på utvikling, men i dette tilfelle er det for at kommunen skal spara pengar, skriv Kristi Yttredal Moe om den nye vegen som skal byggjast til Grunnavågen. Arkivfoto: Anita Haugland

Å trø med «jernskodd hel»

No må Stord kommune slutta å «stela» frå privatpersonar! Ja, for de er det dei i røynda gjer. Eigarar seier nei til å avstå grunn, men det vert ikkje respektert av kommunen. Det synest som tanken er «om dei ikkje vil, så skal dei». Det kjennest direkte ufint og hjarterått når ein lesa om kampen til Marit Rønnekleiv.

Alle forstår at ekspropriering kan vera naudsynt med tanke på utvikling, men i dette tilfelle er det for at kommunen skal spara pengar.

Politikarane bør tenka på at denne kvinna skal kvar dag mistrivast ved å ha vegen så tett innpå seg, og det, etter som eg forstår, ein veg som blir tungt trafikkert av tungtransport.

Les også
Marit (79) har budd i Podlen i snart 50 år. No vil kommunen ekspropriera deler av eigedomen hennar

Det synest også rart at vegen vart påbegynt før avståing av nødvendig grunn er avklart. Det er etter mitt syn ufin og billeg framferd av kommunen når hast og nødvendighet vert brukt som pressmiddel overfor fru Rønnekleiv, sammeleis at dei andre grunneigarane har sagt ja til avståing frå sin grunn. I sin omtale bør kommunen ta med at desse ikkje vert ramma av vegen i den grad fru Rønnekleiv vert.

Til politikarane, vis menneskeleg omsyn, ikkje trø på privatmennesket med «jernskodd hel» når ikkje så er nødvendig. Å komma lettast ut av det økonomisk kan ikkje vera god nok grunn for ekspropriering i dette tilfellet!

Kristi Yttredal Moe

Les også
Uheldig utvikling i vegsak