UEINIG: Når eg er imot SV sitt vedtak om å utvide sjølvbestemt abort til heile abortperioden, er det ikkje fordi eg har mistru til mine medsøstre sine føresetnader til å vurdere og ta avgjerdsla i dette vanskelege spørsmålet. Foto: Henrik Mundal Andreassen

Abortspørsmålet i skjeringspunktet mellom individ- og samfunnsansvar

I desse dagar kjem det ut ei aktuell bok: «Abortspørsmålets politiske historie». Ei som har arbeid mykje med abortspørsmålet, professor og forskar Kari Tove Elvbakken, har skrive opplysande om den lange og harde kampen fram til vedtaket og iverksettinga av lova om sjølvbestemt abort.

Eg var med i siste fasen av abortkampen på 70-talet, saman med mange andre frå venstresida i politikken. Vi kjempa for at kvinner skulle bestemme over fosteret fram til 12. veke i svangerskapet. Her var det snakk om sjølve fosteret, ikkje eigenskapar ved fosteret, som utløyste krav om abort. Kvinner som ikkje ynskte å bere fram fosteret, fekk mynde til å bestemme dette og få aborten utført.

Mellom 12. og 22. veke, som er grensa for abort, var det aksept for at det framleis måtte vere eit nemndsystem, der samfunnet skulle ha mynde til å bestemme over fosteret etter bestemte kriterium, der bl.a. eigenskapar ved fosteret blir vurderte, og gir grunnlag for abort i samsvar med lovkrava. Etter 18. veke skal ikkje abort innvilgast utan særlege og tungtvegande grunnar, om fosteret er levedyktig eller ikkje, blir avgjerande.

Les også
Tre ugyldige argument i den nye abortdebatten

Lova heimlar at kvinna sitt syn skal vektleggjast, og statistikken viser at dette er avgjerande i dei fleste sakene. Men kvifor då ei nemnd, ein rettsinstans som bestemmer når det likevel er kvinna sitt ord som tel? Fordi vi som samfunn må ha ei meining om fosteret sitt rettsvern, og ta eit ansvar for korleis dette skal praktiserast gjennom lov- og regelverk. Det er dette nemnda skal vareta, og systemet har i hovudsak fungert etter intensjonane, sjølv om enkelte opplever det som negativt at hennar eiga krevjande avgjersle skal overprøvast. Andre opplever det motsett, at nemnda er rådgjevande og støttande og til hjelp i den vanskeleg situasjonen kvinna er i.

Men det formelle er slik det er; det er samfunnet som bestemmer, ikkje individet. Det har dei fleste meint var rett, for dette er grunnleggjande etiske spørsmål, der det dreiar seg om liv eller død. Slik er det også i andre enden — når det er snakk om å avslutte ei behandling der livet ikkje kan reddast. Då er det ikkje den enkelte, individet som bestemmer, ikkje pasienten og ikkje dei pårørande, men dei som har mynde til det gjennom helselovgjevinga, på vegner av samfunnet.

Les også
SV på ville abort-vegar

Når eg er imot SV sitt vedtak om å utvide sjølvbestemt abort til heile abortperioden, er det ikkje fordi eg har mistru til mine medsøster sine føresetnader til å vurdere og ta avgjersla i dette vanskelege spørsmålet. Eg meiner framleis at kvinna er fosteret sitt beste vern. Men eg meiner det er prinsipielt feil av samfunnet å privatisere og individualisere dette verdi- og normdannande politiske temaet, og overlate dette til enkeltpersonar åleine.

Debatten i ettertid har vist at desse sidene ved saka ikkje hadde komme tydeleg nok fram og vore drøfta grundig nok. Kva skal t.d. vere alternativet til nemndfunksjonen i høve til vurderingane som ligg i dagens kriterium for seinabort?

Intensjonen bak var velmeint, ein vil skåne kvinner for å måtte søkje ei nemnd. Men det er vanskeleg å kombinere kriterium om alvorlegheit m.a. i dagens lov med full sjølvavgjerd heilt til veke 22 -og kriteriet om levedyktigheit. Difor må det fastsettast eit alternativ til dagens nemndsystem, før ein ev. endrar lova i den retning både SV og andre parti ynskjer.

Kjellbjørg Lunde