DEBATT: «Er ein verkeleg avhengig av slik ei nedrig, unorsk arbeidsform for å gjera verksemdene lønsame»? spør jusstudent Sondre Østensen-Landvik. Foto: Privat

Adrian Dumitrescu og sosial dumping

Adrian Dumitrescu vann fram i saka om fagforeiningsknusing mot arbeidsgjevaren sin i Haugaland og Sunnhordland tingrett. Den rettskraftige dommen blei ikkje anka, men likevel har arbeidsgjevar halde tilbake erstatninga fastsett av domstolen. Dumitrescu blei også permittert, kort tid etter dommen fall.

Dumitrescu har lang ansiennitet, og mykje kompetanse. Tingretten vurderte at oppseiinga til Dumitrescu var usakleg, full av saksbehandlingsfeil, og fyrst og fremst var ein reaksjon på at Dumitrescu nytta den grunnlovsfesta foreiningsfridomen som gjeld innanfor den norske jurisdiksjon. Adrian Dumitrescu fagorganiserte dei andre rumenske arbeidarane i selskapet Offshore Support Nord. Og det, likte ikkje sjefen hans.

For å gjera knusinga av fagforeininga til Dumitrescu effektiv, sa dagleg leiar Jørgen Reed opp Dumitrescu. Vernet for ei sakleg oppseiing er sterkt, det har Stortinget sørgd for. Reed vandra han inn på eit lovregulert område, og tapte så det song i retten.

Men den reaksjonen som Reed tok i bruk etter Dumitrescu vann saka i tingretten, er ikkje like regulert. Det å vera permittert var før pandemien kanskje noko sjeldan, om det ikkje låg føre god grunn. Blant dei tilsette, er det berre Dumitrescu som no er permittert. Han er òg den einaste som har vunne sak mot arbeidsgjevar.

Det er ein grunnlovsfesta rett at alle arbeidstakarar i Noreg, uavhengig av deira nasjonalitet eller bopel, kan fagorganisera seg i kraft av å vera arbeidstakarar i norske bedrifter. Dette må norske bedrifter respektera – også bemanningsbyråa.

Dersom dagleg leiar i Offshore Support Nord ikkje ynskte å respektera Haugaland og Sunnhordland tingrett sin dom, burde han ha anka denne. Det gjorde han ikkje. Likevel, sit Dumitrescu permittert på ubestemt tid i Romania, med berre ein brøkdel av erstatninga som domstolen slo fast han hadde rett på.

Les også
Bemanningsbyrå tapte i retten, og må gje rumenske Adrian både oppreising, tapt inntekt og jobben tilbake. Sjå kva dei gjorde i staden

Langvarig permittering på ubestemt tid har likskapstrekk med oppseiing. I denne saka vil ein kunne sjå permitteringa som ei ytterlegare straff for at Adrian Dumitrescu ikkje berre kravde tariffavtale og organiserte arbeidarkameratane sine – han turde også å gå til domstolen sjølv når arbeidsgjevar sa han opp.

At hjørnesteinsbedriftene på Stord og omegn skal gjera nytte av sosial dumping, ei moderne form for slaveri, er uhøyrt. Er ein verkeleg avhengig av slik ei nedrig, unorsk arbeidsform for å gjera verksemdene lønsame? Eller er det kun ei pragmatisk løysing for å fremja aksjonærane sine utbytepostar?

Eg vonar at det seriøse arbeidslivet i regionen reagerer på behandlinga av Dumitrescu og arbeidskameratane hans. Alle som lever gode liv på Vestlandet burde unna arbeidarane som står på for verdiskaping i regionen vår betre kår enn det Offshore Support Nord ved Jørgen Reed har vist Dumitrescu og dei andre rumenske arbeidarane.

Sondre Østensen-Landvik, 25 år og jusstudent ved Det juridiske fakultet i Oslo