«Det er ingen grunn til å tru at det ikkje vil koma fleire slike saker», skriv Knut Jørgen Kvilhaugsvik. Foto: Henrik Mundal Andreassen

Adrian-saka – ein siger for fellesskapen

21. april fall dommen i saka mellom Adrian Dumitrescu og Offshore Support Nord AS/ Jørgen Reed. Dumitrescu fekk medhald på alle punkt. Oppseiinga vart kjend ugyldig, Adrian får oppreisingserstatning, han får tapt arbeidsforteneste og dekka sakskostnadane.

Offshore Support Nord AS og Jørgen Reed har i skrivande stund ikkje teke stilling til om dei vil anka saka. Jørgen Reed er dagleg leiar, styreleiar og eig alle aksjane i selskapet. Dommen seier også at han personleg må stå solidarisk med selskapet sitt. Det vil sei om han freistar å slå selskapet konkurs for å sleppa unna kostnadene, må han personleg stå inne for oppgjeret. Han har 14 dagar på seg etter ein eventuell rettskraftig dom.

Les også
Bemanningsselskap i tenkjeboksen etter knusande nederlag i retten

For Adrian Dumitrescu og Fellesforbundet er avgjersla ein siger for fellesskapen. Jørgen Reed sin freistnad på å driva fagforeiningsknusing har falle på steingrunn. Saka syner at fellesskapen fagrørsla gir er avgjerande når arbeidsgjevarar driv lovbrot, er omsynslause og nedlatande.

Det er eit skrekkeksempel når Jørgen Redd står i retten og kallar sine tilsette løgnarar og omtalar dei som late. Arbeidsgjevar «var lei av måten han var på». Det vil sei at når Adrian som tillitsvald gav beskjed om feil hjå arbeidsgjevar eller tok opp saker på vegner av medlemene, var Jørgen Reed «lei av» slike krav. Han ville difor kvitta seg med «plageånda» Adrian Dumitrescu.

Les også
Dumitrescu etter å ha vunne søksmålet: – Eg er lukkeleg

Når det nå har falle ein dom i Sunnhordland tingrett er det av di Adrian Dumitrescu var fagorganisert. Hadde han ikkje vore det ville han ikkje hatt resursar til å gå til sak mot arbeidsgjevar. Når ein ser på dommen syner den at berre kostnadene til eigen advokat, reise og opphald i samband med rettssaka er rekna til 215.701,- kr. Så mykje pengar rår ikkje Adrian over, heller ikkje dei fleste andre vanlege arbeidsfolk.

Fellesskapen har sigra når arbeidsgjevarar taper ei sak som dette. Sjølvsagt kjem Adrian seg ut av den økonomiske knipa han er i, og vonleg tar han snart til i arbeid att, men det er ingen grunn til å tru at det ikkje vil koma fleire slike saker.

Les også
Leigearbeidaren Adrian vann på alle punkt i søksmål mot tidlegare arbeidsgjevar

Me som fagforeining opplever jamleg å verta kontakta om liknande tilhøve og verre. Trugsmål og represaliar er ikkje uvanleg, heller ikkje i Hardanger og Sunnhordland. Seinast for kort tid sidan. Nå vonar me at denne dommen kan vera ein vekkjar for somme arbeidsgjevarar. Om ikkje treng me fellesskapen, alle dei fagforeiningskameratar og venninner me har i fagrørsla - som me står saman med, også i framtida.

Knut Jørgen Kvilhaugsvik, organisasjonsarbeidar, Fellesforbundet Hardanger Sunnhordland