Svarar: Styreleiar Skjalg Myklebust kjem med svar på Kjetil Østrem sin kommentar om stoda i Stord Fotball, som stod på trykk i sist veke. Foto: Sara Høines

Alarmen har gått for lenge sidan på Vikahaugane

Det vert referert til innlegget frå journalist Kjetil Østrem, publisert i bladet Sunnhordland fredag 31. januar 2020.

Hovudpoenget, slik eg tolkar Østrem, er bekymring for fråfallet i fotballen, og då særleg på gutesida og konsekvensane dette vil ha for A-lags fotballen. Fråfallet er ei utfordring me er klar over, og som Solid sette på agendaen før jul, og som blir følgt opp med seminar onsdag 5. februar. Dette uroar oss òg, men det er nok kanskje meir dramatisk for Trott og Solid, som har eit mindre nedslagsfelt enn det me har. Me har likevel eit felles ansvar og skal bidra tungt.

Me må nok ta inn over oss at verda har forandra seg dei siste åra. For det er ikkje berre på fotballbanane det er tomt utanom organisert trening. I gatene og på leikeplassane er det òg mykje mindre aktivitet. Det verkar ikkje som den virtuelle verda akkurat er på retrett heller. Spesielt på gutesida, men bekymringa for fråfall køyrer me likestilling på.

Det som er viktig er at me no set inn tiltak på dei områda som funkar. Østrem poengterer større krav, struktur og disiplin som løysinga. Underteikna er meir usikker, og vil ha litt meir informasjon før ein konkluderer. Eg trur dei fleste i ung alder spelar fotball for å ha det kjekt, og vere saman med kompisar eller venninner. Større krav kan fort slå ut i feil retning.

Resten av innlegget får stå for Østrem si rekning, og ulike menneske si oppfatning av ein situasjon.

For eiga rekning: Journalist Kjetil Østrem sette søkjelyset på fråfall i fotballen, og manglande sportsleg suksess, i sin kommentar på sportssidene sist fredag. No får han svar. Foto: Faksimile Sunnhordland

Eg vel den positive:

I 2019 hadde gutesida på Stord både kretsmeistrar og landslagsspelarar, eit juniorlag i 4. runde i NM for fyrste gong, og eit A-lag som klarte seg særs godt i 3 divisjon (med stort sett lokale spelarar). I tillegg så har Stord ei jentegruppe som gjorde det fenomenalt i lokal målestokk.

Vidare går Østrem i gong med å ramse opp fotballspelarar som ikkje lenger er i Stord: Morten Hillestad, Svein Albert Riise og Vegard Agdestein har slutta i Stord Fotball av ulike årsaker. Dumt for oss kanskje, men me har framleis Lars Klingsheim, Atle Heggøy, Hans Jakob Skard og Brita Havnerås. Ein heil haug med pensjonerte middels fotballspelarar (unnskuld!), og andre som aldri har spelt aktivt, men som brukar fritida si kvar einaste dag for at borna våre skal ha ei trygg, morosam og sunn aktivitet, der samhald og meistringskjensle er det viktigaste. Menneske som betyr meir for Stord Fotball enn A-lags spelarar som ikkje finn motivasjon til å fortsetje.

Stord Fotball sitt talent-arbeid det siste tiåret er me stolte av. Det vert gjort ein strukturert og god innsats for dei som vil mest, og me ser resultat av dette over alt. Einar Iversen, Jonas Valland, Ida Holm Neset og Cille Nilsen er gode døme på at det går an å verta svært god i fotball i klubben.

Ja, det krevst sjølvsagt ein viss type personlegdom og dedikasjon frå både spelar og foreldre, men talentarbeidet til klubben fortener likevel ros. Det hadde vore interessant om journalist Østrem gjorde ei samanlikning mellom klubbane i Hordaland og sett våre resultat opp mot deira. Me vert kontakta stadig vekk av andre klubbar, der dei spør om informasjon om korleis me driv klubben vår.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Alarmen bør gå på Vikahaugane

Poenget mitt er at me må dyrka breiddefotballen, og me må spissa talenta og dei som vil mest. Me må ha eit godt tilbod som passar for alle slik at så mange som mogeleg blir med, og at A-laga får eit tilsig av gode spelarar. Kanskje returnerer Torbjørn Agdestein og Einar Iversen tilbake til Stord ein gong, og då håpar me dei vil bidra med det dei har lært og kva som skal til for å verta blant dei aller beste. Slik som til dømes Atle Nilsen og Kjell Petter Neset gjer.

Det er ikkje fråfall i ungdomsfotballen som er A-laget sitt største problem. Problemet er at A-lags fotball for herrar har blitt så kapitalintensivt at Stord ikkje har ressursar til å vere på toppnivå. Me kjem ikkje til å prioritere A-lag over breidda eller jentene slik at det kan oppnåast. Vår strategi har vore å ha profesjonelle trenarar som motivasjon for lokale spelarar å halde på så lenge som mogeleg, framføre det å ta inn fotballnomadar som gir korttidseffekt.

Våre budsjett skal reflektere ein klubb som satsar på alle lag så mykje som me kan. Dette er det medlemmene forventar, og ikkje minst sponsorane våre. Me har klare mål for breidda, klare mål for talenta, og klare mål for seniorlaga. For augneblinken er me i høve til alle målsetjingane me har sett.

Avslutningsvis vil eg seia at fråfallet som Østrem set fokus på er reell for Stord Fotball, og den bør vere ei bekymring for alle klubbar og idrettslag. Det pågår eit nasjonalt prosjekt som heiter «Allemed», fasilitert av kommunen, det me og dei fleste frivillige organisasjonane på Stord deltar. Her er derimot bekymringa borna som fell ifrå, og ikkje dei som er igjen. La oss alle bidra til at dei som fell ifrå idretten ikkje fell utanom alt. Då kan me bruke metaforar som «mørkje kjellarar», og snakke potensielle katastrofar. Ikkje i lokalfotballen.

For eiga rekning!

Skjalg Myklebust

Styreleiar i Stord Fotball