Dikt: Frisør Linn Tove Alsaker har gjort sine tankar om koronakrisa som har ramma oss om til rim. Arkivfoto: Henrik Mundak Andreassen

Aldri hadde eg trudd at dette skulle skje

Eit virus som set heile verden i fare og gir ikkje fre.

Aldri hadde eg trudd at Noreg ikkje var trygt,

No kjenner til og med eg på ei voldsom frykt.

Ei frykt for kva som vil komma, ei frykt som gjer meg redd.

Ei frykt om kva framtida vil bringe, ei frykt som blir spreidd.

Mange tårer er grått.

Eg syns dette er meiningslaust og hjerterått.

Til alle i ulike bransjar der ute, stå no på.

Det ordnar seg alltid til slutt skal dåke sjå.

Å sjå det du lev av bli stengt, det var hardt og brutalt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Å ikkje kunne vær i lag med kundar og kollegaer som normalt.

Eg elskar jobben min og syns det er trist.

Men i dag då kjem den faktisk sist.

Å verna om dei som treng det er viktig no.

Har du karantene, så hald deg i ro!

Unngå hamstring, det er plenty med varer.

Vær eit medmenneske så godt du klarer.

Takk til deg som jobbar i butikk.

Takk til deg som bruker vanlig folkeskikk.

Takk til helsepersonell,sjukepleiar og legar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Takk til deg som velger å gå omvegar.

Takk til deg som vaskar hender og held avstand.

Takk til staten Noreg som gir sin bistand

Fortsett med nasjonal dugnad og gjer alt dåke kan.

Både jente, gut, dame og mann.

Måtte heile dette koronaviruset snart forsvinne

Først då kan Noreg endeli vinne.

Ta vare på kvarandre❤️

Linn Tove Alvsaker

#frisørogmedmenneske