VIL HJELPA: Inger Johanne Moe. Foto: Privat

Alle skal få hjelp

Me i Arbeidarpartiet kan ikkje akseptera at mange barn og unge no vert avviste når dei vert henviste til Bup. Det som heldigvis er på trappene, jamfør Hurdalsplattforma, er at alle barn og unge, som slit med psykiske vanskar og blir tilvist Bup, skal bli innkalla til samtale hos spesialist på Bup, der spesialisten, lege eller psykolog, tek stilling til om barnet skal få hjelp der, eller få hjelp i kommunen. Dette er i gong mange stader, vonar også på Bup Stord.

Les også
600 barn og unge fekk tilvising til BUP på Stord i fjor. 165 fekk aldri sleppa til

Poenget er at me har bygd opp eit godt hjelpeapparat i kommunen og, med god kompetanse på å hjelpa barn og unge. Eg kan nemna helsestasjonane, pp-tenesta, fastlegar, kommunepsykologtenesta. Mange kommunar har fleire psykologar knytte til helsestasjonane, i Stord berre éin, dessverre.

Sjølv har eg vore leiar for Bup Stord og Bup Haugesund, så eg veit «kor skoen trykkjer». Ein har arbeidd lenge med å redusera ventetid og rekruttera fagpersonell. Eg veit og at det er god hjelp å få hos fagfolka på Bup Stord. Men som politikar veit eg og at helseføretaka, som Helse Fonna, har vore underfinansiert under høgreregjeringane. Kor ein snur og vender på seg, så trengst det meir ressursar for å utdanna og spesialisera legar, psykologar, sjukepleiarar og andre miljøterapeutar. Heldigvis så er dei unge særs interesserte i å utdanna seg innan helse, det viser samordna opptak i desse dagar. Mange fagfolk innan helse tek og vidareutdanning innan psykisk helse, eg har og veileda desse studentane på høgskulane i 25 år.

Les også
Prisen dei unge betaler

Me må alle ta ansvar for at det som no er dokumentert, at barn og unge i Norge ikkje vart teke godt nok vare på under pandemien. Me i Arbeidarpartiet vil difor satsa på, og arbeida for å få til ein ny opptrappingsplan for psykisk helse i Norge.

Eit godt råd til foreldre og barn og unge som blir avviste av barne- og ungdomspsykiatrien, er å ta kontakt med lege eller psykolog som tilviste, be om hjelp i kommunen, eller/og be om hjelp til å bli tilvist på nytt.

Inger Johanne Moe, Stord Arbeiderparti, og psykologspesialist