Tina Petterson slår eit slag for dei som opplever å vera isolerte i kvardagen, også når det ikkje er ein pandemi over oss. Foto: Privat

Alt dette er ein heilt «vanleg» kvardag for mange

Heia Noreg! Året 2020 har starta tøft for oss alle. Eg plar ikkje å «skrika» ut om mine meiningar og synspunkt offentleg. Men no har eg noko eg vil alle skal tenkja på.

No sit du heime, isolert frå omverda, du går ei usikker tid i møte når det gjeld jobb, økonomi og helse. Du får ikkje besøkja din/dine kjære på heim eller ta deg ein sosialkveld med venner. Ei heller reist på ferie eller hytta. Alt dette går hardt ut over deg sjølv og familien din. Ein blir lei seg, deprimert og føler at dagane blir ekstremt lange.

Det eg vil du skal tenkja på er at dette alt er ein heilt «vanleg» kvardag for mange. Det er oss kronisk sjuke, uføretrygda og «nav-arar» m.fl.

Me sit heime dag inn og dag ut, isolert. Og når me først greier å komma oss ut, så blir ein jo stilt spørsmål om kvifor me er ute blant folk og ikkje heime. «Kvifor er du ikkje på jobb, når du greier å ta deg ein aktivitetstur?»

Dessverre så er du/dykk i vår «verd» no. Men du/dykk er forhåpentlegvis frisk og rask etter at pandemien er over, det er ikkje me andre. Me må fortsetja vårt liv som før. Eg håpar og trur på at du der ute som ser ned på dei som ikkje er i jobb vil endra haldninga di etter å ha sjølv erfart no korleis det er å vera isolert frå verda.

Ynskjer dykk alle alt godt og hald motet oppe! ❤️

Tina Petterson, kronisk sjuk butikkmedarbeidar som elskar livet og jobben

Dette innlegget var først publisert på artikkelforfattaren si Facebook-side.