ALVORLEG: I varselet som blei sendt inn kom det fram at det var sju avviksmeldingar knytt til hendinga. Foto: Henrik Mundal Andreassen

Alvorleg sak

Sunnhordland skreiv i førre veke om at Statsforvaltaren i har konkludert med at ein pasient ikkje fekk forsvarleg hjelp etter ei hending i akuttmottaket på Stord sjukehus i fjor. Statsforvaltaren meiner det tok for lang tid før naudsynt anestesikompetanse blei varsla og kalla inn. Pasienten døydde etter hendinga.

Personen, som i utgangspunktet var frisk, blei akutt sjuk og oppsøkte først legevakta. Her fekk vedkommande antibiotika, men blei sendt heim. Kor tid etter heimkomst blei pasienten veldig mykje dårlegare og henta av ambulanse. Ambulansen meldte inn at tilstanden var kritisk, men anestesilegen som var på heimevakt blei likevel ikkje tilkalla før seinare. Det kjem i tilsynssaka også fram at situasjonen blei oppfatta som kaotisk, og at det tok lenger tid enn normalt å finna fram rett utstyr.

Les også
Pasient fekk hjartestans - hjelpa i akuttmottaket på Stord var ikkje forsvarleg

I varselet som blei sendt inn kom det fram at det var sju avviksmeldingar knytt til hendinga. I desse blei det påpeikt at anestesilege bør ha vakt på staden og ikkje heimevakt. Stord sjukehus er ikkje åleine om å ha ordning med anestesilege på heimevakt. Ei utgreiing som Bente Høie gjorde på spørsmål frå Kjersti Toppe, viser at i Helse vest har Voss, Nordfjord, Lærdal og Odda tilsvarande ordning. Ei rekkje andre sjukehus i Distrikts-Norge har liknande ordning, mens i Helse Sør-Øst har alle helseføretaka, og dei private og ideelle sjukehusa med eitt unnatak, anestesilege fysisk på jobb.

I sin uttale til saka seier klinikkdirektør Anne Beth Njærheim at ein har gått gjennom rutinane og presisert når ein skal kalla ut anestesilege. Ein har også auka treninga på akutte situasjonar. Så er spørsmålet om det er godt nok.