Meiningar: – Me er no svært optimistiske til at konsesjon for Stord Folkehøgskule vert å sjåast på statsbudsjettet i haust, skriv Geir Angeltveit, dagleg leiar for Stord folkehøgskule (til v.). Her saman med Lars Solberg, styreleiar i interimsstyret for folkehøgskulen. Arkivfoto: Marius Knutsen

Andre etappe for Stord Folkehøgskule

For eit år sidan kunne me fortelje om at søknad om å opprette folkehøgskule på Stord var sendt inn til Utdanningsdirektoratet.

Sidan juli i fjor har me nytta tida godt for å framsnakka planane om ein entreprenørskap-folkehøgskule på Stord; til Kunnskapsdepartementet, og til politisk arbeid mot stortinget. Eit solid arbeid som resulterte i at det i november blei kjent at Stord Folkehøgskule vart tildelt 750.000,- i oppstartmidlar over statsbudsjettet. Desse midlane skal nyttast til å førebu skulestart i august 2021. Eit mål me kjem stadig nærare.

Denne våren har Utdanningsdirektoratet gått oss i saumane for å kvalitetssikra søknaden og arbeidet vårt. Dei er no nøgde. Og me har ein god løypande dialog med Kunnskapsdepartementet om føresetnadar og forventningar for oppstart. Me er no svært optimistiske til at konsesjon for Stord Folkehøgskule vert å sjåast på statsbudsjettet i haust.

For Stord vil dette bety opp til 125 elevar frå heile landet. 25 arbeidsplassar for å driva skulen.

Folkehøgskulane opplever rekordstore søkartal år på år. For Stord Folkehøgskule er det sosiale, berekraftige og mellommenneskelege eit kjernefokus. Utover det vil me arbeide med entreprenørskap innan nærings- og organisasjonsliv, film, idrett, friluftsliv, motocross og meir.

Det er allereie mange som ønskjer å søka jobb hjå oss. Om alt går etter planen vil me lyse ut rektorstilling i haust. Drifts- og pedagogisk tilsette lysast ut rundt nyttår. Er du forviten, eller ønskjer å bidra på andre vis til at folkehøgskule-etableringa vert ein suksess? Då tar du kontakt med meg.

Elles god sommar!

Helsing Geir Angeltveit

Dagleg leiar Stord Folkehøgskule