Den brune visne greina skil seg godt ut i høgda. Foto: Steinar Hystad

Ansvarsfråskriving i alle ledd

Les om greina igjen som framleis heng der. Det er ikkje løye at ting kostar og at ting ikkje blir gjort når ein ser at ein så liten ting blir gjort til så mykje.

Her har altså ein etat sett på det. Fylket blir involvert. Mesta er og ser.... Kva kostar dette når så mange skal bli involvert i ei grein? Er der slik det blir jobba i alle ledd i kommunen?

Det må da vere mogeleg for kommunen og ta saka på strak arm. Få ein lift på plass, gjera jobben som knapt vil ta ein time frå start til slutt og etterpå sjå på om dette er noko fylke skal betale for eller andre. Har de ikkje noko samarbeid med fylket? Eller med nokon i det heile?

Ein må jo reagere før det skjer noko alvorleg - ikkje etterpå sei at me har no gitt beskjed me …

Det er vel like før det skal greiast ut no då, og sendast til Sponheim for uttale! På godt norsk kallar me dette for ansvarfråskriving. Få da gjort no!

Bjørn Øystein Waage

NB! Etter at dette lesarinnlegget blei skrive, er den nemnde greina teken ned. Red.

Les også
Godt rydda