BER OM REFLEKSJON: «Skal ein snakka om at andre er frekke som flatlus bør ein altså ha reint mjøl i posen, noko Rommetveit ikkje har», skriv Sigbjørn Framnes (Frp). Foto: Ingvild Siglen Berger

Ap kastar stein i glashus

Når ein seier at andre er frekke som flatlusa bør ein gjerne ha reint mjøl i posen. Diverre har stortingets visepresident Magne Rommetveit ein pose full av jord.

Sanninga er faktisk at Frp, ikkje Ap, fremma forslag om at ein skulle stoppa nedlegginga av tilbod på ei rekke trafikkstasjonar. Det er beint fram merkeleg at Rommetveit no er kritisk til at me får vedtatt vår politikk. Det frekkaste er at Ap prøver å late som at dei har kjempa for trafikkstasjonane i Stortinget. Diverre valgte Stortinget sitt presidentskap, der Magne Rommetveit er visepresident, å stoppa Frp sitt forslag frå å bli handsama i Stortinget. Når det nokon dagar seinare kom forslag frå Ap om å ikkje legge ned ein einsleg trafikkstasjon (på Mysen) fekk dette fleirtall i presidentskapet for handsaming i Stortinget. Dette fordi Frp sin representant ikkje er like småleg som Ap sine representantar, og stemte for at forslaget skulle handsamast.

Les også
Nei, regjeringspartia og Frp har ikkje berga trafikkstasjonen

Skal ein snakka om at andre er frekke som flatlus bør ein altså ha reint mjøl i posen, noko Rommetveit ikkje har. I tillegg burde han kan hende reflektere over om det høver seg eit medlem av presidentskapet å bruke slike karakteristikkar i debattinnlegg.

Frp er alltid for å finne betre og meir effektive løysningar som bidrar til forenklingar for brukarane, det er for dei me har eit tilbod. Så lenge det ikkje er på plass, vil me ikkje redusera tilbodet på trafikkstasjonane, det er ikkje effektivisering. Når det gjeld tilbodet om å køyre opp så er det sjølvsagd viktig at det er eit tilbod der folk bur.

Difor er me i Stord Frp svært glade for at Bård Hoksrud og fleire stortingsrepresentantar frå Frp har høyrt det lokale engasjementet vårt. Me har vore tydelege på at tilbodet må bestå, og me veit at det har vore tydeleg kommunisert til regjeringspartia. Skal ein gjere endringar må det gi eit like godt eller betre tilbod der folk bur.

Les også
Beheld tilbod ved Stord trafikkstasjon

Det aller beste er uansett å gjere ting enklare; Frp har til dømes fått gjennomslag for at campingbilar skal sleppe å måtte visast fysisk på trafikkstasjonane. Dette stemte Ap imot. Så i staden for å slenga ut feilaktige påstandar, så burde gjerne Ap og Magne Rommetveit feira saman med Frp at det ikkje blir nedlegging av tilbod til publikum på Stord - eller andre stadar i vårt langstrakte land.

Sigbjørn Framnes, gruppeleiar Stord Frp