REFORM: - Me må ha tillit til at helsevesenet vårt har kompetanse og verktøy som fungera langt betre enn trussel om tvang og straff. Det seier òg all forsking på feltet, skriv Geir Angeltveit i lesarbrevet. Foto: Ingvild Siglen Berger

Ap vender ryggen til rusreform

Regjeringa la fram ei rusreform som handlar om å gå frå straff til hjelp. Arbeidarpartiet vil gå frå straff til hjelp for nokre få. Dessverre er ikkje Arbeidarpartiets landsmøtevedtak verd papiret det vart skrive på.

Fleire tiår med feilslått straff har smerteleg lært oss at dagens ruspolitikk ikkje går. Noreg tronar øvst på den europeiske overdosestatistikken. Tida er inne for å tenka annleis. Straffa si bakside er grundig dokumentert i fleire offentlege utgreiingar - frå Stoltenberg-utvalet i 2010, til Rusreformutvalets rapport i 2019. Straff hjelp verken samfunnet eller individet. Det skyv vekk dei same menneska me ønsker å hjelpa.

No er det brei semje på Stortinget om å slutta å straffa tungt rusavhengige. Usemja går på om me skal senda rettsvesenet eller helsevesenet etter ungdom. Arbeidarpartiet meiner at me bør fortsetja å straffa dei som ikkje er “tungt rusavhengige”. Dette meiner dei sjølv om all tilgjengeleg forsking viser at straff ikkje verkar, verken som førebyggande eller rehabiliterande tiltak, og det bryt med det grunnlovsfesta prinsippet om likskap for lova. Ei heller er det klokt å lempe oppgåva over på fastlegar å avgjere kven som skal få straff og kven som vert anerkjend som ‘tungt rusavhengig’.

Les også
Svar om rusreforma

Det er uhaldbart å berre skulla kriminalisera nokre grupper i samfunnet, slik Arbeidarpartiet føreslår. Straffelova vår kriminaliserer handlingar uavhengig av “kven” eller “kvifor”. Det finst straffridomsgrunner, og nokre menneske vil vera strafferettsleg utilreknelege. Men sjølve norma for kriminalisering er den same. Dette vil Arbeidarpartiet fråvika.

I praksis blir det ei umogleg oppgåve å handheva Arbeidarpartiets «forslag». Kor mange rusavhengige kan sjå tilbake på eit levd liv og peike ut dagen dei kryssa over til eit tungt rusproblem? Dei fleste med tung rusbruk byrjar å rusa seg i relativt ung alder. Då risikerer samfunnet å straffa akkurat den same gruppa som me ønsker å skåna. Fellesskapet kan hjelpa fleire om me kjem inn tidleg, før rusmisbruken er etablert.

Frykta for straff stenger ofte vegen for hjelp. I både ei svensk og ei norsk undersøking sa 40 prosent av respondentane at dei ville vegra seg for å tilkalla helsehjelp i eit narkotikarelatert naudstilfelle. I vårt eige land fryktar menneske å tilkalla ambulansen ved overdosar fordi dei kan risikera straff. Det hjelper ingen, verken ungdom eller naudetatane.

Les også
Rusreforma – difor er eg skuffa

Med rusreforma skal me styrka behandlingsapparatet. I staden for straff og bøter, skal fellesskapet møta menneske med helsehjelp og rehabilitering. I staden for å bli hanka inn av politiet, skal rusbrukarar møta for ei kommunal rådgjevande eining. Her vil dei få informasjon om risikoane ved narkotikabruk, om forbodet mot narkotika og om vegen ut av rusen. Samt få tilbod om vidare oppfølging, hjelp og behandling.

Me må ha tillit til at helsevesenet vårt har kompetanse og verktøy som fungera langt betre enn trussel om tvang og straff. Det seier òg all forsking på feltet.

Spørsmålet om rusreforma handlar om ein har trua på at straff fungera, eller viten om at me må tenke nytt om korleis fellesskapet møter våre medmenneske. Arbeidarpartiet har vedtatt ein ruspolitikk som fråvik sjølve hovudgrepet i rusreforma. Det er verken ein reform eller eit “kompromiss”, slik dei seier. Det er ein rein avvising. Viss Arbeidarpartiet stemmer ned rusreforma 3. juni, har dei i det same vendt rusavhengige ryggen. I Venstre har me kjempa for å gå frå straff til hjelp i fleire tiår, og me kjem til å kjempa vidare.

Venstre kjem til å kjempa for ein ny kurs, tufta på kunnskap og medkjensle. Mot Arbeidarpartiets utdaterte metodar og meiningslause brukarjakt. Alt dette står på spel ved haustens val.

Artikkelen held fram under annonsen.

Med venleg helsing

Geir Angeltveit

3. kandidat for Venstre i Hordaland

Ane Breivik

2. Kandidat for Venstre i Hordaland