Stein Stendahl ber kommunestyret om å støtta Stord maritime museum. Arkivfoto: Ingvild Eide Foto: Ingvild Eide

Appell til kommunestyret i Stord kommune

Kommunen er i gang med budsjettet. Ei vanskeleg oppgåve i ei nedskjeringstid. Kva skal prioriterast og kor kan me spara? For å halda drifta av sjukeheim, skular og andre institusjonar på eit forsvarleg nivå lyt ein spara på andre felt som og er viktige. Dette er ikkje lett! Det minner mykje om mange pensjonistar sin kvardag.

Men me har trua på at representantane gjer det beste dei kan for å få samheldet til å fungera på beste måte. De har jo i val fått eit mandat frå veljarane til å styra på vegne av oss alle.

Det er mange gode tiltak i kommunen som søkjer om midlar til å driva frivillig arbeid til beste for andre. Kommunen har til no gjeve stønad til dei fleste slike tiltak av di dei ser verdien av den dugnaden som vert gjort. Men innom dei stramme økonomiske rammene som kommunen har no er det lett å falla for freistinga å spara på tilskota til desse frivillige laga og organisasjonane. Diverre kan dette få den konsekvensen at gode formål vert lagd ned og kanskje ikkje maktar å reisa seg att.

Mitt ynskje er at de gjer alt de kan for å stimulera desse frivillige tiltaka med eit tilskot også denne gongen. Det er og eit ynskje at ein ikkje set desse gode formåla opp mot kvarandre i verdi, men viser at all frivillig innsats er viktige bidrag til heilskapen i kommunen.

Eitt av desse tiltaka som ligg mitt hjarte nær er Stord maritime museum (SMM) som slit med husleiga. Her har Stord kommune, som ein av stiftarane av SMM, eit spesielt ansvar. Det gjeld ikkje store pengar, men det vil vera eit viktig signal til dei som driv SMM med frivillig innsats og legg ned ein stor arbeidsinnsats til beste for samheldet, om at kommunestyret viser at dei set pris på engasjementet.

Alt eg ber om er at SMM vert sidestilt med andre lag og organisasjonar som ber om stønad til drifta, til dømes idrett, musikk og dans og anna innom det utvida kulturomgrepet.

Stein Stendahl