«Piffen har for lengst gått ut av Høgre, og dei har heilt bokstaveleg talt ikkje energien som det er trong for å gjennomføre det grøne skiftet», skriv Odd Harald Hovland (Ap). Foto: Henrik Mundal Andreassen

Arbeidarpartiet er klar for verdas tøffaste jobb

Skal Noreg vere ein internasjonal sinke i det grøne skiftet, eller skal me ta leiartrøya på? Skal me bli dratt etter utviklinga eller skal me setje kurs?

Me i Arbeidarpartiet meiner at Noreg skal ta ei leiande rolle i det grøne skiftet. For at det skal skje treng dette landet ei ny regjering med eit sterkt Arbeidarparti.

Høgre sin næringspolitikk dei siste åtte åra har vore for passiv. Me kjem bakpå, og er i ferd med å gå glipp av nye industrieventyr. Industrien og fagrørsla ropar etter handling. De vil ha ein heimemarknad, men andre land er i ferd med å hente oss inn.

På Vestlandet har me store moglegheiter for ein ny industri rundt miljøvenleg hydrogen, men regjeringa si hydrogenmelding var ikkje mykje å skrive heim om. Innan flytande havvind kan me allereie notere mange tapte år. Høgre snakkar no om alt me skal få til ein gong på 2030-talet.

Piffen har for lengst gått ut av Høgre, og dei har heilt bokstaveleg talt ikkje energien som det er trong for å gjennomføre det grøne skiftet: me får nemleg ikkje straumen dit det er trong for den. Utbygginga av kraftnettet har stagnert. Det går ut over viktige industriarbeidsplassar og nyetableringar.

Toget er i ferd med å gå. Det grøne skiftet er, som Kjell Inge Røkke, Øyvind Eriksen og Atle Tranøy nyleg skreiv i Dagens Næringsliv, «verdas tøffaste jobb», og følgjer opp med at «me treng politikarar som er pådrivarar og tilretteleggarar om me skal lukkas».

Slike sterke pådrivarar skal Arbeidarpartiet vere. For å klare denne store jobben treng landet ein annan kurs. Først og fremst treng me ein aktiv næringspolitikk. Arbeidarpartiet vil ha ein ambisiøs nasjonal strategi for botnfast og flytande havvind. Me vil også ha ei storsatsing på hydrogen. Hydrogen kan me både eksportere som miljøvenleg energikjelde – og me kan omstille mange fartøy til nullutslepp langs kysten vår, dersom me legg til rette for det. Men då må me ha infrastrukturen på plass, og ein god og solid verdikjede her heime.

Det er også difor me bør vurdere å etablere eit statleg hydrogenselskap. Vestlandet bør vere sjølve smørauge for ei hydrogensatsing, og Sunnhordland og Stord vil vere eit veldig godt val for lokalisering av eit slikt selskap.

Noreg har ei lang og stolt historie med industrieventyr. Dersom Noreg skal klare å komme på bana i nye eventyr, dersom du ønskjer å sjå ein aktiv næringspolitikk som kuttar utslepp og skapar jobbar, så bør du stemme på Arbeidarpartiet i år.

Odd Harald Hovland, stortingskandidat, Arbeidarpartiet

Artikkelen held fram under annonsen.