Me høyrer historier om korleis bemanningsføretak og innleige i større og større grad tek over for faste tilsetjingar og trygge vilkår, skriv Magne Rommetveit (t.v.). Her saman med Hadia Tadjik og Gaute Epland tidlegare i år. Foto: Kjetil Østrem

Arbeidarpartiet til kamp mot ulovleg innleige i arbeidslivet

I Stortinget fremjar eg no saman med andre representantar frå Arbeidarpartiet forslag om å avgrensa bruken av innleige. Me høyrer historier om korleis bemanningsføretak og innleige i større og større grad tek over for faste tilsetjingar og trygge vilkår.

For Arbeidarpartiet er faste tilsetjingar ein viktig byggjestein i det norske arbeidslivet. Faste tilsetjingar gir tryggleik og føreseieleg kvardag for arbeidstakarar. Bruken av innleigde arbeidstakarar går ut over, og kan vera med på å fortrenga faste tilsetjingar som vanleg tilsetjingsform i Norge.

Me i Arbeidarpartiet forstår at det i enkelte tilfelle kan vera høgare aktivitet i enkelte sektorar av arbeidslivet. Derfor meiner me at ein kan ha innleige av personar frå andre bedrifter i same bransjar der dei er fast tilsette.

I dag ser me at innskrenkingane som er gjort i bruken av innleige ikkje er tilstrekkelege. Ein del aktørar brukar opninga i Arbeidsmiljølova til å gjera innleige ved å kalla arbeidet for «mellombels». Arbeidstilsynet har sjølv sagt at det er vanskeleg å kontrollera reglane for innleige.

Utfordringane med bruken av innleige er ikkje avgrensa til området rundt Oslofjorden, sjølv om det har blitt mykje omtale frå det området. Ein nyleg kontroll av byggeplassar i Bergen viser at 39 av 50 byggeplassar braut lova som slår fast at innleige frå bemanningsbransjen bare kan skje når innleigebedrifta har tariffavtale og ein skriftleg avtale med tillitsvalde.

Som forslagsstillarar vil me at det skal ryddast opp i den utstrekte bruken av ulovleg innleige, og me vil at Regjeringa no skal koma tilbake til Stortinget med tiltak som avgrensar innleige til reine vikariat og mellom produksjonsbedrifter etter avtale med tillitsvalde i verksemder som er bundne av landsomfattande tariffavtale med fagforeining med innstillingsrett.

Magne Rommetveit, stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet