DELTID: «Vi kan ikkje akseptere at altfor mange kvinner tener lite, har dei tyngste jobbane og ikkje eingong får jobbe heiltid», skriv Odd Harald Hovland. Foto: Grethe Nygaard

Arbeidarpartiet vil ha heile, faste stillingar

Ein tredjedel av dei som jobbar deltid seier at dei ikkje gjer det frivillig. Folk som ønskjer å jobbe heiltid vert tvinga til å jobbe deltid. For den enkelte vert det vanskelegare å få bustadlån og vanskelegare å ha ei løn å leve av, og for samfunnet er det dårleg bruk av dyktig arbeidskraft. Difor lovar Arbeidarpartiet eit krafttak mot ufrivillig deltid innan dei første 100 dagane med ei regjering leia av Arbeidarpartiet.

Noreg vil ha trong for omlag 133.000 nye helsearbeidarar innan 2050. Skal helse og omsorg vere ein attraktiv karrièreveg, trengst det heile og faste stillingar. Vi kan ikkje halde fram med å utdanne 2-3 personar for å dekkje eitt årsverk. Samfunnet tapar på at vi ikkje brukar dagens arbeidskraft betre, og på at vi ikkje rekrutterer nok dyktige helsearbeidarar i framtida.

Retten til heiltid er også ein likestillingskamp. Fleirtalet av dei som jobbar i helse og omsorgsyrke er kvinner. Vi kan ikkje akseptere at altfor mange kvinner tener lite, har dei tyngste jobbane og ikkje eingong får jobbe heiltid. Difor vil kampen mot ufrivillig deltid gje fleire kvinner ei løn å leve av, ein tryggare økonomi og ein betre kvardag.

Høgreregjeringa sitt svar er å ikkje gjere noko. Etter åtte år med Høgrestyre har altfor lite skjedd frå Storting eller regjering for å betre situasjonen. Tvert om. Høgre sin iver for privatisering fører til at fleire helsetenester vert splitta og privatisert. Det kan vi ikkje akseptere lengre.

Difor går Arbeiderpartiet til val på å styrke fortrinnsretten til auka stilling og retten til heiltid, ved at det er arbeidsgjevar som må bevise at det er behov for deltidsstilling. Ikkje som i dag der det er den tilsette som må bevise at vedkomande har krav på utvida stilling. Då flyttar vi bevisbyrden, og sørgjer for at heiltid vert normalen.

I tillegg vil vi invitere arbeidsgjevarar og arbeidstakarorganisasjonane til ei storstilt felles satsing på heile faste stillingar og reell medråderett over eigen arbeidskvardag for alle arbeidstakarar. Vi vil ha ein eigen pott på statsbudsjettet til lokale heiltidstiltak for å redusere deltidsdelen, og stimulere til lokalt partssamarbeid om heiltidskultur gjennom statlege tilskotsmidlar.

Etter åtte år med laber innsats i kampen mot ufrivillig deltid, er det på tide med eit skifte. Arbeidarpartiet vil ufrivillig deltid til livs, og lovar betring innan 100 dagar om vi får ei regjering leia av Arbeidarpartiet til hausten. For no er det helsearbeidarar sin tur.

Odd Harald Hovland, stortingskandidat, Arbeiderpartiet