Den kan til dømes liggja ute på Eldøyane eller Digernessundet sitt område, om det kunne vore høveleg, skriv Kjell Larsen. Arkivfoto: Ingvild Eide

Asfalt og betongfabrikk på Stord

Mykje av vegnettet i sunnhordlandskommunane har stor mangel på vedlikehald. Det er noko som sjølvsagt går ut over bilparken og noko eigarane får merka på lommeboka ved verkstadopphald.

Sjølvsagt er det store kostnader med vedlikehald av vegane, noko eg meiner kommunane i Sunnhordland må bruka store summar på, ved at at dei kjøper alle disse tenestene eksternt. Ein treng ikkje vera økonom for å fatta at her må det vera mykje og henta for kommunebudsjetta rundt i dei åtte kommunane i Sunnhordland. Det å kunna vera sjølvhjelpt vil medverka til nye arbeidsplassar, noko som er det viktig for fellesskapet med at det også vil gi avkastning til andre ting

Me har i ein del år hatt Sunnhordland Interkommunale Miljøverk IKS, som ikkje driv kommersielt, men kun tar seg kostnadsbetalt. Då tenkjer eg, kvifor ikkje starte opp med dei same prinsippa med ein betong- og asfaltfabrikk. Den kan til dømes liggja ute på Eldøyane eller Digernessundet sitt område, om det kunne vore høveleg.

Eg tenkjer då på at det kanskje kunne vera moglegheiter for at Sunnhordland Interkommunale Miljøverk kunne utvida sitt virke med ein betong- og asfaltfabrikk. Kommunane og Industrien, samt innbyggjarane vil kunne spara mykje på dette, ved at ein kunne kjøpa billigare, både til heim og industri. Så her ordførar har du eit oppdrag til å få diskusjonen i gang blant dine kollegaer i kommunane i Sunnhordland.

Kjell Larsen