TREKK: Kjell Larsen vil ha fleire avgifter inn på skattesetelen for å få mindre administrasjonskostnadar. Foto: Henrik Mundal Andreassen

Avgifter i Noreg

Eg har sete her lenge no og har tenkt på det norske avgiftsveldet. Ein kan jo lura på kva som rører seg oppe i hovudet på politikarane våre og/eller venene deira i embetsverket som greier å finne på så mange nye og «godt» gjennomtenkte idear om nye skattar og avgifter.

Eg kjem på historia der to politikarar og byråkratar står på ein høgde og ser ned på ei badestrand. Så seier den eine:

«Det ser ut som dei morer seg, her må me finna på ei avgift».

Dette kan vera noko i når ein ser korleis Noreg er blitt så avhengig i avgifter.

Ja, eg veit jo det at store deler av alt «nytt», kjem frå EU, og at sidan norske politikarar er ekstremt oppsett på å vera «best i klassen» når det gjeld å godkjenna nye og oppfinnsame idear som dei «diskuterer» seg fram til i Brussel.

Men for å komma til saka, det må da vera mogeleg å finna betre måtar å driva inn alle desse avgiftene på enn slik det vert gjort i dag, og då kjem ein jo sjølvsagt inn på fordelinga mellom stat/fylke og kommune. Eg har vel sagt mitt når det gjeld fylkeskommunen før, og eg meiner framleis at den er ein overflødig del av kabalen, og eg håper at fleire etter kvart kjem til same meining som meg …

Men, avgifter. Kvifor er det så vanskeleg for både stat å finna på betre måtar når det gjeld å krevja inn avgiftene. Kvifor ikkje prøve å samle ting, i staden for å spreie det utover, slik bonden spreier møkk. Staten har i det minste byrja, og har fått vegavgift inn på forsikringa som eg meiner er eit unødvendig ledd. Kringkastingsavgifta er inne på skattesetelen, så kvifor ikkje fortsetja med fleire. No som alle må betale for NRK sine idear og vyar, kvifor ikkje då og setje ein «fastavgift» på vegavgifta - bompengar – lokale ferjer – hurtigbåtar – lokale bussar – trikken - på skattesetelen til alle som betaler skatt. Det hadde ikkje vert mange kroner på ein kvar med at alle er med på da som ein felles kostnader me har. Som for eksempel, om du har bil eller ikkje, for ein er også passasjer og med som forbrukar, (og det er sikkert fleire ting som kan leggjast inn der). Tenk kor mange millionar samfunnet hadde spart, som eks: kva det som omhandla administrasjon kostnaden med Skyss, og sjølvsagt andre stader i Noreg som opererer med same system. Når det gjeld investeringskostnader og dessutan administrasjonskostnader med offentlege transport mogelegheiter som eg har nemnt er det enorme summar og spare.

Eg er uansett i utgangspunktet «motstandar» av avgifter, og det seier vel seg sjølv at eg helst ser at «alle» desse «forsvinn», men diverre så er det blitt slik i Noreg at staten er blitt så «avhengige» av å hente inn avgifter for i det heile tatt å få det til «gå rundt» at nærast uansett kva dei finn på så er det berre å leggje til ei «ny avgift» for å dekkje inn utgiftene.

Men uansett korleis dei gjer det så vil bli «litt urettferdig fordelt». For eksempel har me jo staten sin store «mjølkeku» som er bilen. No har det etter kvart blitt så mange elektriske bilar, som blir subsidierte på både den eine og den andre måten, men desse køyretøya slit like mykje på vegane som bensin/dieselbilar, og likevel skal dei sleppa bompengar både her og der, halv pris på bilferjer etc. etc. etc. sjølv om dei skal vera meir miljøvennlege bilar. Difor kan ein for eksempel leggje inn ei «fastavgift» på skattesetelen, og heller kutta ut både bygging og drift av «tusenvis på tusenvis» av nye bomringar overalt. Dette meina eg vil ha samfunnsøkonomisk godt tiltak!

No når da nærmar seg valet, ville detta vert interessant om det var nokon av partia som såg detta som ein sak for dei? Eg vil meina detta kan ha ein klima gevinst også, med at det vil vera fleire som vil nytta seg av dei offentleg transporten.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er sikkert nokre som vil vera ueinige med meg i dette, men eg må be om eventuelle kommentatorar om halda seg både saklege med ein informative uttale, og dessutan at politiske kommentarar held seg til norsk og ikkje «politikarpreik».

Kjell Larsen