Vinmonopolet: Lesarbrevskribenten meiner dagens alkoholpolitikk med eigne Vinmonopol er avlegs. Foto: Magne Kydland

Avskaff Vinmonopolet

Viser til mitt tidlegare innlegg om den måten Vinmonopolet favoriserer alle kjøpesentera rundt om i landet, slik at andre næringsbedrifter i nærleiken ikkje får ta del i den drahjelpa Vinmonopolet naturlegvis gir kjøpesentera.

Underteikna vil føreslå at Vinmonopolet avskaffar dagens gammaldagse ordninga som byggjer på ein openberre dominans, som også nokon meiner har ei udemokratisk politisk framstilling, som til dømes fråhaldsrørsla og småpartiet KrF, som har fått lov og styre etter deira egoistiske og tronge syn. Døme: Gardinene i butikkane går igjen kl. 20.00 for ølsalet i kvardagane, og på laurdagar kl. 18.00. Kva slags tull er detta da … dei må da ha salet til butikkane til dei stengje! Hotella — restaurantar og pubar dei har servering av vin — øl og brennevin frå tidleg på dagen til seine natta, dvs. fram til kl. 01.00 kvardagar, samt til kl. 03.00 fredagar og laurdagar.

Dette er openberre og totalt vitlaust tankar og handlingar som har rotfesta seg hjå desse fråhaldsfolka, samt detta politiske partiet som er nemnt ovanfor. Det må vara mangel på sosial forståing når dei ikkje har evne til å sjå at dette ikkje har noka vinning. Det hadde vore meir forståeleg og betre då … at ein hadde eit totalforbod på sal av alkohol i Noreg, sjølv om dette vert ein utopi. Men dette er ei stadfesting på kor naive og lite reflekterte desse folka er, ved at dei ikkje har evne til å sjå idiotien dei har skapt når det gjeld alkoholpolitikken! Men ein kan også stille spørsmål til politikarane frå andre partia kvifor dei aksepterer denne alkoholpolitikken som motstandsfolket står for? Dette kan vere til ettertanke for oss som vel politikarane inn i kommunestyret og på tinget.

NYHENDE
Vinmonopolet kan få halda ope seinare på laurdagar

Med har ein felles trafikkreglar, kvifor skal ein ikkje ha dette innanfor alkoholserveringa også? Verda er kommen nærmare Noreg, og detta er eit faktum som fråhaldsfolka og nokre av desse trongsynte politikarane har vore med og realisert, og då må dei følgja med i timen på kva som føregår innan krav til utviklinga. Og da tenkjer eg spesielt på turismen til Noreg.

Tidleg på åttitalet var eg den første som tok opp spørsmålet om å få eit Vinmonopol på «Vikjo», med nokre innlegg i Sunnhordland og i Haugesunds Avis. Dermed byrja «snøballen og rulla,» som resulterte at ein fekk polet 14. september 1995, sjølvsagt med mykje motstand frå desse i fråhaldsrørsla.

Det at ein har liberalisert salet av «polvarer» med sjølvbetening var eit smart og effektivt trekk frå Vinmonopolet, og då er det vel på tide å gå vidare med liberaliseringa og avskaffe dagens ordning med desse utsala Vinmonopolet driftar. Underteikna meiner at det er snart på tide å få alkoholsalet inn i matbutikkane, med same krava som polet har til seg sjølv i dag. Dei av butikkane som vil ha sal må ha ei eiga avdeling for dette, med faste betjening som handterer salet, som sjølvsagt må dei ha same krava som Vinmonopolet har til sin butikkbetjening i dag. Dette vil også vera meir turistvennleg, samt at vinmonopolet vil kunne spare investeringskostnader og deriftskostnader. Samtidig vil eg nytta høvet til å seia at eg har full respekt for dei som tar andre personlege val på detta området, men det skal ikkje vera slik at det er nokon få som skal bestemme over andre når det gjeld å konsumera alkohol.

Sjølv om eg «viftar med ein raud klut» for nokre, synest eg det er på tide og få ein konstruktiv diskusjon kva som vil vere ein fornuftig alkoholpolitikk i dagens samfunn.

Kjell Larsen, Stord