MOT TIL Å GLEDE: – Det handlar om å glede andre med enkle midlar, skriv lesarbrevskribentane. Her frå ein tidlegare «draumedag» i regi av MOT, der Vanja Berntsen Vesterheim (kvit genser) og Irmelin Økland Hoyvik fekk kvar sin draum oppfylt. Her flankert av Trine Gravdal (t.v.) og Anette Angeltveit Thoresen. Arkivfoto: Henrik Mundal Andreassen

Bli med å markere årets varmaste dag!

Tysdag 23. november arrangerast MOT til å glede-dagen over heile landet.

Stord er ein kommune med MOT, og ungdomsskulane Nordbygdo, Nysæter og Stord markerer sjølvsagt Mot til å glede-dagen.

Når årets mest inkluderande dag går av stabelen er det med eitt mål for auga: Spreie glede!

MOT til å glede-dagen handlar om å ha MOT til å leva og MOT til å bry seg. Difor oppmodar me alle, ung og vaksen til å bidra. På den måten kan denne dagen blir hugsa som den varmaste dagen i året.

MOT til å glede-dagen har blitt arrangert sidan 2004 og det er vel 70.000 elevar som har MOT på skulen. MOT styrkar ungdoms robusthet og mot gjennom livsmestringsprogram i skulen. Dei viktigaste innsatsområda er MOTs program på ungdomsskulen og vidaregåande skule.

Betyr meir enn du trur!

Etter ei vanskeleg og framleis krevjande tid med sosiale restriksjonar, er det viktigare enn nokon gong å spreie glede og hjartevarme. Det som er så fint er at det treng ikkje koste deg noko. Men til gjengjeld kan det bety så enormt mykje for andre.

Det handlar om å glede andre med enkle midlar. Me vil utfordra alle til å gleda nokon de møter i dag, og gjerne ein anna dag om det høver. Du kan seie «hei» til naboen, smil til nokon du møter på vegen, ta ein telefon til ein venn du ikkje har sett på lenge, eller kanskje du kan skrive eit fint kort til nokon? Det er uendeleg med mogelegheiter for kva du kan gjere.

MOT ønsker å skapa eit varmare og tryggare samfunn – der alle blir sett og inkludert. Me har alle eit ansvar, så kvifor ikkje nytta MOT til å glede-dagen til å gjere ein liten innsats? Det skal så lite til og kan bety meir enn det du trur!

Den største gleda du kan ha, er å gjere nokon andre glad.

Blir du med?

Artikkelen held fram under annonsen.

Med vennleg helsing MOT-coaher og SLT-koordinator i Stord kommune.

Trine Gravdal, Mot-coach

Erling Abrahamsen, MOT-coach

Hans Petter Almås, MOT-coach

John Henrik Staveland Sæter, SLT-koordinator