BARNEBRUDER: Årets innsamlingsaksjon går til kampen mot at jenter blir gifta bort som barn. Foto: Erik Thallhaug/Plan International Norge

Bøsseberarane gjer «comeback»

Millionar av jenter får ikkje oppfylt draumane sine. Kvar 3. sekund blir ei jente gifta bort ein stad på kloden. Jenter som dermed går glipp av skulegang, utdanning, lek og moro. Jenter som går glipp av å få vera barn, men blir brud. I staden blir dei ofte flytta frå sin eigen heim og familiar og kroppane deira blir alt for tidlege gravide. Jentene som opplever å bli gifta bort har større risiko for å bli utsett for vald og overgrep av partnaren sin. Konsekvensane av barneekteskap er brutale, både for jentene, familiane og lokalsamfunnet. Men la oss i haust setja søkjelys på håpet, og mogelegheitene vi har til å gjera ein forskjell.

For i haust inviterer TV-aksjonen til felles innsats, bøsseberarar som bankar på døra di igjen er tilbake. Det unike møtet i døra, der bøsseberarar skal gjera det mogeleg for kvar husstand i kvar krinkel og krok av Vestland å støtta opp om ei viktig sak. Ei sak som skal skapa håp, og gi jenter mogelegheita til å ta sine eigne val, og til å vie seg til livet.

Årets TV-aksjon er tildelt Plan Noreg, og arbeidet deira med og kjempa mot barneekteskap. Plan har arbeid med og for barn sidan 1937, fokuset i år er jenter – fordi der barn ikkje har det bra, så har jenter det ofte verst. Midla som kjem inn frå årets TV-aksjon skal inn i lokale prosjekt i 5 ulik innsats land, alle land der barneekteskap ikkje er uvanleg, og der barneekteskap diverre er vorte eit endå større problem det siste halv anna året. Fordi under pandemien har skular måtte stenga ned, fattigdommen aukar, og foreldre er ytterlegare pressa til å måtta gifta bort døtrene sine. Plan arbeider lokalt i desse 5 innsatslanda, høvesvis, Bangladesh, Nepal, Mali, Malawi og Niger. Kvar det med unnatak av Niger er mellom 40 og 50 prosent av jenter under 18 år som blir gifta bort. I Niger er talet over 80 prosent.

Men tilbake til håpet, og den endringa vi i haust skal skapa. Med lokalt arbeid når Plan fram, og dei klarer å skapa ei endring for jentene som står i fare for å bli gifta bort. Med midla som kjem inn under årets TV-aksjon skal Plan fortsetja arbeidet sitt med å styrkja, verna og utdanna jenter. Tre helt sentrale faktorar i arbeidet med å kjempa mot barneekteskap. I år har vi mogelegheita til å delta dette arbeidet, ved å bli med på årets TV-aksjon kan vi saman styrkja jentene, ved å gi dei opplæring i rettar, jobba for likestilling og endra haldningar. Saman kan vi verna jentene ved å jobba for eit betre lovverk og vern av barna. Ved å bli med på årets TV-aksjon så skal vi utdanna jenter ved å gi dei mogelegheit til skulegang, og yrkesopplæring i entreprenørskap.

Med frivillige i spissen skal TV-aksjonen engasjera og mobilisera, vi skal igjen ut å løfta i flokk, saman. Vi skal igjen kjenna på den gode kjensla det er å bidra til noko som er større enn oss sjølv. Vi skal skapa giverglede, og vi skal tenkja på at bak kvart menneske vi mobiliserer og bak kvar krone vi samlar inn, så er det jenter der ute som står i fare for å bli gifta bort som skal få mogelegheita til eit betre liv. Difor så er det så viktig at du stiller opp som frivillig eller bøsseberar for årets aksjon, for kvar person som er med for årets TV-aksjon, så kan Plan gjera endå større jobb i kampen mot barneekteskap.

Med dette så inviterer vi deg med, både som frivillig, som bøsseberar og som gjevar – og vi både håper og treng at du blir med.

Marthe Jansen, Fylkesleiar for TV-aksjonen i Vestland