REAGERER: Styreleiar Torstein Leth i Brunstad Kristelige Menighet Stord har fleire innvendingar mot dokumentaren NRK-programmet «Brennpunkt» har gjort. Foto: Hans Ole Dalland/Henrik Mundal Andreassen

«Brennpunkt» og BCC

Det er fleire forhold i dokumentaren som eg meiner er sterkt kritikkverdig, skriv Torstein Leth.

Onsdag førre veke sende «Brennpunkt» ein dokumentar om BCC, kalt Smiths Venner, som mildt sagt gjev grunn til å stille spørsmål. Det er også ei rekkje medlemmer som har vende seg til meg som reagerer kraftig på måten trussamfunnet blir framstilt på. Eg føler difor ikkje at det er rett å sitje stille når ein blir utsett for så alvorlege spekulative skuldingar.

Eg har sjølv vore medlem i denne frikyrkja i mange år, og biletet som blir teikna av dokumentaren gjer meg oppgitt og trist. Det som kjem fram representerer ikkje det trussamfunnet eg er ein del av og som eg har hatt stor glede av å representere i mange år.

Når det er sagt har eg forståing for, og respekt for at det også innan vår kyrkje kan vera forhold som med rette kan kritiserast og bli stilt spørsmål ved. Det er sunt, og bidrar i det lange løp til ei positiv utvikling. Eg har sjølv engasjert meg personleg for at vår kyrkje skal vera eit sunt og godt miljø, stilt kritiske spørsmål og jobba fram betringar. Mi oppleving av dette er at det har vore godt motteke. Eg opplever derimot denne dokumentaren spekulativ og tendensiøs med så stor slagside at det blir vanskeleg å ta det seriøst. Her har «Brennpunkt» tillate seg å være talerøyr for nokre få kritiske røyster, der hovudkjelda til NRK er dømd for grovt bedrageri av ei misjonsstifting med knytingar til trussamfunnet han går til åtak på. Hadde «Brennpunkt» vore opptatt av å skape eit balansert bilete og jobba analytisk med materialet hadde det tross alt kunne vore eit bidrag til ein sakleg debatt, mens resultatet no er ei sterk polarisering og stigmatisering som ikkje minst går ut over born og ungdom.

Det er fleire forhold i dokumentaren som eg meiner er sterkt kritikkverdig.

Det blir skapa eit inntrykk av eit stort pengejag og press, og at dette er eit overskyggande tema i kyrkja vår. Mi oppleving frå innsida er at det overskyggande temaet i kyrkja vår er å ta i mot frelsa i Kristus Jesus, legge vinn på å vera gode samfunnsborgarar, gjere godt og vise kjærleik mot alle. Hadde «Brennpunkt» gått analytisk til verks ville det også klart kome fram. Eg vonar også at dette kan gjenkjennast i møte med oss. No skal det ikkje underkjennast at det har vore gjennomført eit felles økonomisk løft dei siste åra, ikkje minst for å sikre dei lokale kyrkjene god økonomi, noko vi også har gjort på Stord. Mange har engasjert seg i dette, nokre meir og nokre mindre og vi har vore svært opptatt av frivilligheitsprinsippet i dette løftet.

Eg ser ikkje grunn til å tvile på at det er personar som har hatt negative opplevingar også i vårt trussamfunn, det ville vore rart om det ikkje var tilfelle med eit medlemstal på over 8.000 nasjonalt, og eg har både tiltru til og forventning om at slike tilbakemeldingar blir tekne hand om på ein god måte om det er via varslingskanalen eller ved å vende seg direkte.

Dokumentaren lar også eit par ungdommar definere kva som er læra i kyrkja vår. Det er sjølvsagt heilt greitt at ungdom fortel korleis dei opplever det, men det er ikkje greitt ut frå prinsippet om å vera sakleg at det blir ståande utan å bli etterprøvd. Fleire utsegner som er direkte feil blir hengande igjen i lufta slik eg opplever det. «Man blir opplært til å tro at mennesker som ikke er i menigheten på en måte har onde hensikter, og derfor burde man ikke åpne seg opp…», «Seksuell drivkraft og det å føle lyst er synd», «det er svartmaling av andre mennesker» er døme på dette.

Les også
1.582 i ulike trus- og livssynssamfunn

Det er også ei rekkje andre døme på faktafeil i dokumentaren og tilhøyrande artiklar som BCC sentralt har imøtegått (www.bcc.no) som eg ikkje skal ta meg tid til å utdjupa vidare her. Saka har skapa eit stort engasjement blant mange av våre medlemmer som ikkje aksepterer å få ei historie tredd nedover hovudet som dei ikkje kan kjenne seg igjen i. Eg vil også oppmoda både medlemmer og andre som engasjerer seg i saka om å sette seg inn i den frå fleire sider.

Eg trur og vonar at ikkje «Brennpunkt»-dokumentaren sitt stigmatiserande bilete med ei rekkje feil og manglar fører til at vi som kyrkje i framtida ikkje evnar å ta imot, og ta tak i sakleg og konstruktiv kritikk.

Torstein Leth, styreleiar BKM Stord