KRITISK: Jan Helge Nesse meiner Naturvernforbundet utelet viktige moment når dei les rapportar om Hordfast. ILLUSTRASJON: Statens vegvesen

Burde Hordfast hatt jernbaneskjener?

Å utelate det som ikkje passar med eigen hypotese, synest å vere Naturvernforbundet sin metode for å lese rapportar, data og tal i høve Hordfast. Eit regjeringsnotat har dei lese med slike selektive briller. Eit søylediagram i notatet som viser så store kutt i klimagassutslepp for Hordfast at ein har vore nøydd å dele søyla på 10 for å få plass på ei side, vil ikkje Naturvernforbundet korkje sjå eller høyre snakk om. Det er dette som viser samanlikninga med dagens ferjer.

Derimot har Naturvernforbundet hengt seg opp i nokre hypotetiske og usikre data for «utsleppsfrie» ferjer som SVV er blitt pålagt å inkludere i notatet, men som SVV og andre fagfolk meiner ville vere eit lite tenleg/realistisk alternativ på sambandet, og som berre resulterer i å tåkeleggje avgjerdsgrunnlaget for Hordfast. Dette synest å vere det einaste interessante Naturvernforbundet har klar å lese ut av notatet med sine selektive briller. Her må ein minne om at Hordfast skal resultere i eit ferjefritt samband. Kva skal ein med el-ferjer i eit ferjefritt samband?

Dersom Naturvernforbundet hadde lest notatet med eit ope sinn, ville dei også funne mykje anna interessant som burde ha lys på seg, mellom anna skjulte utslepp ved jernbanebygging, drift og vedlikehald. Dette på grunn av at Bane Nor sitt dataprogrammet, SAGA, har store manglar. Men det synest som om at naturinngrep og klimagassutslepp har forskjellig verdi for Naturvernforbundet, alt etter som det er jernbaneprosjekter eller Hordfast det er snakk om.

Dersom ein går inn i Naturvernforbundet sin høyringsuttale om Follobanen/ Østfoldbanen, datert 22.03.10, finn ein lite om utslepp og naturinngrep. Derimot skriv ein: « Vi må også erkjenne at infrastrukturbygging bidrar til inngrep og barrierer i natur og landskap. Og vi må innse at infrastrukturbygging fører til utslipp av klimagassar i byggjefasen, gjennom bruk av fossilt brensel og ikke minst materialer som stål og betong. Dette gjør at vi må stille strenge krav til den infrastrukturen som byggest ut, og vi må tenkje langsiktig». Ein svært klok uttale frå Naturvernforbundet. Men gjeld ikkje dette for Hordfast også?

Elles har Naturvernforbundet i denne uttalen vore mest opptatt av praktiske løysingar på banetraseen. Som eksempel på dette skriv ein mellom anna om Østfoldbanen : « For Østfoldbanen videre sørover må Stortingets krav om minste hastighet på 250 km/t ivaretas. Et viktig krav vil likevel vere at nye stasjoner for gjennomgående høy hastighet anlegges som bystasjoner og legges utenom sentrene.»

Lever vi her på Vestlandet i same landet? Kvifor skal også vårt «intercity light «, E 39 mellom Bergen og Stavanger, blir snakka ned av våre eigne her vest? Eller er ein redd for at det skal ta pengar frå jernbaneprosjekta, som i dag tar ca. 40 % av samferdselsbudsjettet for å utføre mindre enn 2 % av landets samla gods- og persontransport?

Eg vil ikkje gå vidare inn på dei globale miljøproblema Naturvernforbundet nemner i sitt innlegg. Ikkje fordi eg ikkje synest dette er viktig, men fordi Hordfast er eit samferdselsprosjekt som skal gjere det leveleg også for folk langs kysten på Vestlandet og hindre avfolking. Ikkje redde verda. Eg trur likevel ikkje all verda sin styggedom av utslepp, eller «Edens hage» med alle klodens arter ligg i Hordfast-traseen. Ein må heller ikkje opp i det heile gløyme arten Homo sapiens sapiens, menneska, som også skal ha leveleg vilkår her vest.

Om trafikken skulle auke etter at Hordfast er bygd, må dette berre blir oppfatta som indikasjon på at folk framleis vil leve og virke på Vestlandet, at ungdom blir verande/flytter tilbake til bygdene og at fleire vel meir klimavennleg transport med bil og buss på veg framfor fly, og at bompengar ikkje har drepe reiselysta. Dette vil vere fasiten på den høge samfunnsnytten som er berekna for prosjektet. Og når dette i tillegg gir store kutt i utslepp av klimagassar, burde dette også glede Naturvernforbundet. Så får ein håpe at også dei kunne bidra med sine kunnskap for å gjerde utbygginga så skånsam som mogeleg i høve dei naturverdiar dei, men også vi andre, er opptatt av.

Eg er glad for at dei fleste av våre lokale politikarar har skjønna verdien av Hordfast og samanhengen med framtidig realisering av Sunnfast.

Eg har også tillit til at samferdselsministeren har forstått avgjerdsgrunnlaget på ein slik måte at Hordfast blir inkludert i forslaget til ny NTP.

Artikkelen held fram under annonsen.

Jan Helge Nesse