BETRE FOR MILJØET: Lesarbrevskribenten meiner at det er gunstigare for miljøet å få passasjerane over på buss. Illustrasjonsfoto: Henrik Mundal Andreassen

Bussjåførane streikar for betre løn, klima og miljø

Det er ikkje noko problem å gje årleg millionløn til bussjåførane om midlar frå stat og fylkeskommune til kollektivtransporten vart nytta på rett måte. Offentlege sektorar brukar nesten 60 milliard kr årleg i tilskot på elbil og tog som samanlagt berre produserer vel sju prosent av all persontransport. Tilskotet for kvar mil som ein person reiser med elbil er 58 kroner, og for tog 107 kroner.

Desse veldige tilskota vert på Stortinget og i miljøorganisasjonane grunngjevne som klima og miljøtiltak fordi elbil og tog brukar straum til framdrift, men også bussar kan gå på straum. Difor er tilskota til elbil og tog «falske» fordi bussar kan utføre nesten 10 gonger så mykje persontransport som elbil og tog samanlagt gratis i i eit landsdekkande riksvegnett for 60 milliard kr. Med gratis buss vil ein få 35 personar i gjennomsnitt på bussen i riksvegnettet på vel 10.000 km som har halvparten av all person og godstransport. For kvar person som går over frå tog og elbil til buss med 35 passasjerar, får vi redusert energibruken og globale klimagassutslepp med 70 prosent ikkje minst fordi elbil og tog har mange gonger så stor indirekte energibruk som buss.

Denne indirekte energibruken tek ikkje staten med i klimarekneskapet i Nasjonal transportplan til dømes, noko eg har påpeikt i fagpressa heilt tilbake til 1980-talet. Endeleg fekk eg i 2019 eit brev frå samferdsleminister Jon Georg Dale som at denne energiform skulle på plass. Då vert buss med 35 personar det suverene transportmiddelet på klima og miljø. Kvifor då bruke nesten 60 milliard kr i tilskot på lite energieffektive tog og elbilar. Kvifor heller ikkje gje bussjåførar som utfører reell miljøtransport ei god løn som er til å leve i staden for høg løn til fagforeiningsleiarar, politikarar og byråkratar som ikkje brukar rette og fullstendige klima- og miljørekneskap sjølv om det er plikta deira.

Det meste av den indirekte energibruken går til bygging og vedlikehald transportmiddel og transportveg og den er veldig liten for buss som utfører transporten på ledig kapasitet i vegnettet i motsetnad til tog som utfører sin vesle transport på ein ekstremt kostbar og eksklusiv køyreveg. Talmateriala som eg nyttar ligg for det meste føre i Nasjonal transportplan og anna statsmateriale. Det er berre å ta dei fram og setje dei i hop etter samanliknbare prinsipp. Det er viktig at bussjåførane no held fram miljøkortet.

Idar Mo, Sogndal