LOVENDRING: Mohammed Kallel og Raudt ynskjer ei lovendring for offentlege innkjøp som gir oppdrag til norske verft. FOTO: PER ARNE FLATBERG

Bygg norske fartøy ved norske verft!

I starten av fellesferien kunne NRK Vestland melde at sidan 2017 har heile 14 nye statlege og fylkeskommunale fartøy blitt bygd i utlandet. Det siste i denne skandalerekkja er Vestland fylkeskommune sitt nye opplæringsfartøy «Skulebas», som etter planen skal byggjast i Danmark. Taparane er norske industriarbeidsplassar langs kysten, med topp verftskompetanse, ivrige lærlingar og norske løns- og arbeidsvilkår. Dette skjer både på grunn av dagens offentlege anbodsreglar innanfor EØS-avtalen og handlingslamma politikarar både i regjeringa og i fylkeskommunane.

Raudt har både på Stortinget og i Vestland fylkesting utfordra denne politikken, seinast i samband med utflagginga av bygginga av «Skulebas». Samfunnspolitisk og samfunnsøkonomisk er det etter vårt syn uakseptabelt og svært kortsiktig å sende slike offentlege oppdrag ut av landet. Dei positive samfunnsmessige ringverknadene for norske lokalsamfunn og underleverandørar ved offentlege byggjeoppdrag til norske verksemder er ikkje vektlagt av styrande politikarar verken i stat eller fylke.

Etter at det vart kjend at det nye norske havforskingsskipet skulle byggjast i Nederland medan norske verft vart vraka, reiste vår partileiar Bjørnar Moxnes eit forslag i Stortinget om å stoppe utflagging og subsidielekkasje til utlandet. Dette kan skje ved å endre lov om offentlege innkjøp og oppdrag for å sikre auka aktivitet og sysselsetjing her til lands. Forslaga fekk støtte av Arbeidarpartiet, SV og Senterpartiet. Ved eit nytt stortingsfleirtal, ei ny regjering og mange fleire Raudt-representantar på Stortinget, vil dette forslaget kunne få fleirtal etter valet til hausten. Då vil vi igjen kunne bli herre i eige hus og få slutt på molbo-politikken på dette feltet.

Mohamed Kallel, stortingskandidat for Raudt Hordaland