Covid-19 - nokre linjer om fakta

Me har passert eit år med ein alvorleg pandemi som har råka heile kloden. Omfanget er uvisst, men sikre tall så langt er på verdsbasis tett opp mot 3 millionar døde menneske og om lag 128 millionar registrerte smitta. Dette er ikkje løgn, men basert på innsamla data frå Det europeiske smittevernbyrået (ECDC) og andre sentrale kjelder. Ifølgje Fredrik Fladmark blir det feil å gje så mykje spalteplass til ein spesifikk dødsårsak og dermed mindre fokus til sentrale sjukdomsgrupper som til slutt dominerer på dødsårsaksstatistikken.

Les også
Noen linjer om løgn

Eg kan følgje deg eit stykke i argumentasjonsrekka og i så måte ikkje avskrive alle poenga som du trekkjer fram i innlegget. Du set fokus på konsekvensar for det breie lag av samfunnet, næringslivet, born og unge og ikkje minst – kva gjer me når neste pandemi inntreff? Det er legitimt å reise slike spørsmål. Diverre tapar desse poenga slagstyrke sidan du i så liten grad presenterer eit større bakteppe og ikkje får fram nyansane av pandemien på individ- og samfunnsnivå. Me har allereie ein pågåande debatt om handtering av pandemien. Eg er ganske viss på at siste ord slett ikkje er nemnt. Eg trur me kan vere trygg på at diverse utval i tida framover vil få i oppdrag og gjennomføre analyser og evalueringar. Vonleg til nytte i vår tid og for komande generasjonar.

REAGERER: «Korleis kan du bruke løgn i overskrifta når fagtilsette i desse dagar opplever at intensivkapasiteten ved fleire norske sjukehus, spesielt i helse Sør-Aust, er nær bristepunktet?» spør Leif Steinar Alfsvåg. Foto: privat

La meg like fullt peike på opplysningar som er å rekne som fakta. Det undrar meg at Fladmark kan hevde at «epidemien skulle behandles som epidemier har blitt behandlet gjennom alle tider» (sitat) og i stor grad brukar Anders Tegnell i Sverige som den betre vitande innan fagfeltet. For ei tid sidan erkjente Sveriges statsminister Stefan Løfven i eit intervju med svenske Aftonbladet at ekspertane feilvurderte krafta av den andre smittebølga. No er ikkje den svenske statsministaren ekspert innan smittevern, men la meg likevel sitere ein uttale «Det er et virus som vi ikke kjente til fra før, og oppfører seg på en måte mange ikke hadde trodd». Mangelfull kvalitet i eldreomsorga i Sverige er trekt fram som medverkande årsak til mange dødsfall og statsministaren har allereie peika på ein delkonklusjon: «Der trenger vi å gjøre mer, og der øker vi i neste budsjett»

Korleis kan du bruke løgn i overskrifta når fagtilsette i desse dagar opplever at intensivkapasiteten ved fleire norske sjukehus, spesielt i helse Sør-Aust, er nær bristepunktet? Det blir jobba på spreng for å bemanne opp nye intensivsenger for å møte ei ny bølgje av sjuke. Korleis ville situasjonen tatt seg ut dersom ingen inngripande tiltak blei sett i verk? Den etiske kodeks i helsevesenet handlar om prinsippet å hjelpe og utøve ein forsvarleg praksis. Kva med innbyggjarane i Beograd som opplever at Batajnica-sjukehuset for tida har 900 Covid-19 pasientar innlagt av total kapasitet på 930 senger. Det er snakk om svært sjuke pasientar, der nesten samlege pasientar treng hjelp til å pusta, enten gjennom respirator eller med oksygenmasker. Situasjonen er kritisk og nye pasientar treng heile tida hjelp. Me kjenner alle til via media den fortvilte situasjonen helsepersonell i Italia opplevde i 2020 når pandemien var på det verste. Dette er ikkje verdigheit, for korkje pasient eller helsepersonell.

Kva tenkjer du om handteringa i USA som no varslar om ei «fjerde smittebølgje» og tidlegare rådgjevar av Donald Trump som hevder at «de fleste livene som har gått tapt, kunne vært spart» (Dr. Deborah Brix i CNN-dokumentaren «Covid-war) Ein litt slem kuriositet; når det passerte 300 000 døde i USA uttalte dåverande president på Twitter – «fake news»

Alt dette er fakta, men faktisk berre ein liten del av isfjellet: «den kalde sanninga om Covid-19». Det er difor utfordrande å formidle bodskapen – «dette kunne me ha handtert på ein enklare måte og presentert mindre løgnaktig»!

Leif Steinar Alfsvåg

(«Emeritus» hygienesjukepleiar)