Debatteknikk

Etter å ha lese innlegget til Jan Willy Folgerø-Holm sist tirsdag, fekk vi trong for å finne fram bøkene om hersketeknikkar i bokhylla. Gått gjennom dei, fann vi at innhaldet i og forma på innlegget hans stetta minst ni av krava der. Dei ni er: latterleggjering, ironisering, avsporing, stråmenn, bagatellisering, talmagi, psykologisering, dritpakke og bullshit. Vi i Naturvernforbundet på Stord set pris på real argumentasjon med blanke våpen i ope lende. Innlegget til Jan Willy var av eit heilt anna slag.

Naturvernforbundet, Stord 27. juni 2021

Hallgeir Matre, leiar

Les også
Vil ein firefelts motorveg rasera sommarøya Stord?