KONSEKVENSAR: – Flyttar du blikket sørover, vekk frå den oljesmurte velferdsstaten vår, til den afrikanske landsbygda, så ser du dei verkeleg brutale konsekvensane av pandemien, skriv Erik Lunde i Strømmestiftelsen. Foto: Strømmestiftelsen

«Dei brutale konsekvensane av pandemien»

Eg og du kan vere leie av nedstenging og korona, men vi har i det minste mat på bordet.

Testing, isolasjon, karantene og smittesporing. Stengde tilbod, sosial avstand og smittevern. Vi nordmenn har kjend på konsekvensane av pandemien vi òg. Dei siste månadane har liketil straumpriskrisa lagt stein til byrda. Likevel vil eg hevde at vi er utruleg heldige her i Noreg. Vi har koronakompensasjon, løn under permitteringer og lærarar som har halde skulane i gang.

Flyttar du blikket sørover, vekk frå den oljesmurte velferdsstaten vår, til den afrikanske landsbygda, så ser du dei verkeleg brutale konsekvensane av pandemien. Vi i Strømmestiftelsen har kartlagt korleis covid-19 og koronatiltaka har påverka lokalsamfunna i Aust- og Vest-Afrika, der vi driv utviklingsprogram. Denne kunnskapen har vi samla i «Poverty Report 2021», som vi la fram i midten av januar. Den viser at situasjonen er mykje verre enn før pandemien. Utviklinga er set mange år tilbake og den ekstreme fattigdommen aukar. Tiltaka har rast med hard hand over små samfunn på landsbygda, som ikkje eingong har sett snurten av koronasmitte. Dei som bur der spis mindre mat enn før. Mange spis såkorna dei treng for å dyrke eigen mat. Veldig mange har mista levebrødet og jobbane sine. Born har ikkje fått gå på skulen på lange tider, heilt opp i to år i Uganda. Nedstenginga av samfunna og alle tiltaka har ført til at vald og seksuelle overgrep aukar dramatisk. Kort sagt, dei som hadde det verst frå før, har fått det verre. Mykje verre.

Strømmestiftelsen ser at vi sjølv må gjere endringar, for å svare på denne nye, humanitære krisa. Difor startar vi no matutdeling til familiar med born i hurtigskulane våre. Det gjer samstundes at det langsiktige utviklingsarbeidet vårt kan halde fram. For rapporten målar ikkje berre eit svart bilete av situasjonen, den peiker òg på tre faktorar som veg ut av krisa.

For det første må vi auke mattryggleiken. Difor deler vi ut mat, samstundes som ein må satse på å auke den lokale matproduksjonen med klimatilpassa jordbruk.

For det andre ser vi at det må satsast monaleg på utdanning, for å unngå ein tapt generasjon skuleborn. I Strømmestiftelsen arbeider vi etter mantraet «vegen ut av fattigdom starter første skuledag».

Artikkelen held fram under annonsen.

For det tredje må lokalsamfunna styrkast. Ifølgje undersøkingane våre står ein mykje sterkare i møte med krise, viss ein er med i eit sterkt og godt organisert lokalsamfunn. Spare- og lånegruppene våre er eit døme som har gitt samhald, større økonomisk tryggleik og delt kunnskap om smittevern. Dei som står saman, klarer seg betre.

I Noreg har debatten om korona i den tredje verda handla om vaksinefordeling. Effekten av tiltaka blir ikkje nemnd. For dei fattigste i verda er lockdown eintydande med å måtte klare seg sjølv – med det lille ein har. Snart to år inn i pandemien ser vi no kor drastiske konsekvensar dette gir.

Ei verd med mindre fattigdom og ulikheit står betre rusta til å møte nye pandemiar. Å kjempe ned fattigdom er verda sitt immunforsvar.

Erik Lunde, generalsekretær i bistandsorganisasjonen Strømmestiftelsen