Den maritime næringa er ein viktig hjørnestein

Den nye regjeringa slår fast i sin plattform at ein vil sikre gode vilkår for norske sjøfolk og det skal leggast til rette for auka aktivitet i heile verdikjeda. Kjerna i denne næringa er dei norske sjøfolka si maritime kompetanse og ei heilskapleg maritim verdikjede av norske reiarlag, verft, finansaktørar og utstyrsleverandørar.

I åra som kjem, skal næringa kutte utslepp og auke digitalisering. Det vil gje nye moglegheiter for aktivitet i næringa, og den maritime politikken skal bidra til å utvikle verdsleiande norske industri- og kompetansemiljø. Staten skal saman med næringa sikre at utvikling av skipsfart med låge utslepp og nullutslepp vert eit viktig norsk bidrag til å redusere dei globale utsleppa.

NYE MOGELEGHEITER: «Maritim næring skal vera ein hjørnestein på kysten, også i framtida», skriv Odd Harald Hovland. Foto: Grethe Nygaard

Regjeringa vil styrke nettolønnsordninga og innføre krav om norske løns og arbeidsvilkår i norske farvatn og på norsk sokkel, samt sikre ordningane i Norsk internasjonalt skipsregister (NIS) for norske tilsette. Vidare vil regjeringa legge fram ei grøn omstillingspakke for klimavennleg omstilling av skip og styrke aktivitetsskapande tiltak for maritim industri, som omstillingstiltak for offshoreflåten. Regjeringa vil lage ein strategi for å sikre at offentlege byggeoppdrag innafor maritim sektor i størst mogleg grad går til norske verft og utnytte handlingsrommet i EØS-avtalen med sikte på at ein større del av verdiskapinga frå offentlege kontraktar skal kome den norske maritime næringa til gode. Fylkeskommunar som får meirkostnadar med å velje låg- og nullutsleppsteknologi i samband med kjøp av ferjer og hurtigbåtar vil bli kompensert.

Det vil kome krav til lågare utslepp frå offshoreflåten og frå fartøy som vert nytta innafor havbruk. Krava skal formast slik at det sikrar trinnvis innfasing av beste tilgjengelege teknologi og legg til rette for teknologiutvikling i norske kompetansemiljø.

Regjeringa vil syte for god sameksistens mellom dei ulike havnæringane, mellom anna med å utarbeide næringsplanar for Nordsjøen, Barentshavet og Norskehavet. Maritim næring skal vere ein hjørnestein på kysten, også i framtida.

Odd Harald Hovland, stortingsrepresentant, Arbeidarpartiet