EI VELSIGNING: Lesarbrevforfattaren meiner den nye vegen til Bømlo rett og slett er ei velsigning. Her er bilete teke før opninga. Foto: Ole Alexander Saue

– Denne vegen har vore ei velsigning

Debattsidene i Sunnhordland er fulle av innlegg for og imot vegprioritering i Hordaland og på Stord. På facebook er det også stor aktivitet, men her er kommentarane friskare. Skal ei analysera striden kjem ein snart fram til at begge sider har bruk for det motparten kjempar for. Vegmotstandarane har bruk for veg, vegpatriotane har bruk for natur.

Les også
Så mykje tid sparar du på nyevegen

Øyvind Halleraker og Liv Kari Eskeland er like naturelskande menneske som Kjellbjørg Lunde og Atle Hansen, og dei to siste brukar også vegane når dei kan. Atle tilstår til og med i eit innlegg på facebook at han elskar å rasa sørover i Europa på motorvegane. BERRE IKKJE PÅ STORD.

Dette er ein klassisk interessedebatt kor motpartane innerst inne veit at dei er heilt avhengig av kvarandre. Kvifor er det då så vanskelig møtast og gje litt på begge sider?

Eg har hatt gleda av å vera nabo til eit vegprosjekt til nær ein halv milliard. Det opna for tre år sidan og er ei velsigning både for primærnæringar, naturelskarar og næringsretta vegbrukarar. Gang og sykkesti, undergangar for skogbruk, turgåing, buskap og vilt. Fine vegkantar, og 50-70 meter vekke verken ser eller høyrer ein vegen. Prosjektet har tilført 70 dekar ny dyrka jord, ein stad har bonden allereie planta gran.

Les også
Taparen Sunnhordland?

Dette står i sterk kontrast til den dommedagsvegen motstandarane legg opp til på Stord. Den vil øydeleggja heile Stord, den vil forureina og tettstaden vil døy.

Kjære vegmotstandarar og naturelskarar. De veit at dette er feil. Kvifor skal de då hamra og hamra på noko det veit er feil. Når det gjeld forureining kan ein få inntrykk av at de ikkje trur på dykkar eige miljøfelttog. Om ein startar i dag, vil 95% av trafikken vera utsleppsfri før Hordfast er ferdig.

Enn om de byrjar argumentera om bytehandlar? Få inkludert naturfreding og vern av omkringliggjande natur. Opparbeiding av parkar og turvegar. Det vil uansett bli eit piss i havet økonomisk i høve til totalprosjektet. Kvifor ikkje krevja 100 millionar til eit forskingsprosjekt om tilpassing mellom natur og naudsynte naturinngrep?

For uansett motstand og uansett miljøaksjonar vil slike problem dukka opp også i framtida.

Jan Willy Folgerø-Holm