HORDFAST: «Det vert hevda at Hordfast er pengesløsing. Tvert i mot. Viss det er noko her som kan kallast sløsing, så er det samferdsleløysingane vi held oss med i dag», skriv Peder Sjo Slettebø. Foto: Henrik Mundal Andreassen

Derfor er Hordfast eit treffsikkert distriktstiltak

Sittande regjering vil bygga Hordfast. Det same vil Arbeidarpartiet. Merkeleg nok er det krefter på Vestlandet som ønsker å takka nei når staten endeleg vil bygga infrastrukturen Vestlandet fortener, og som vil gjera landsdelen fullt ut konkurransedyktig med Austlandet. Vi veit at veksten framover er venta å koma i byområda, og vi ser at forgubbinga i distrikta skyt fart. Det er mykje fordi ein ikkje klarar å tilby ein variert nok arbeidsmarknad i utkantkommunane. Ein alvorleg følge av dette er at det i framtida vil bli stort press på særleg eldreomsorga i distrikta, og at kommunane etter kvart vil få endå større vanskar med å rekruttera fagfolk til ulike tenestetilbod.

Les også
Hentar tidlegare ordførar i ny lobby-stilling: Slik skal dei få gjennomslag for Sunnfast-prosjektet

Betre infrastruktur og kortare reisetid vil hindra denne utviklinga. Hordfast og Sunnfast handlar ikkje om menn som vil køyra fort på motorveg. Det handlar om å bygga moderne lokalsamfunn der unge folk vil og kan bu, og at kommunane kan gå ut over eigne grenser når dei skal ha tak i medarbeidarar til viktige tenestetilbod.

Ein må vidare legga til rette for at begge partar i eit forhold kan finna noko interessant å jobba med. Den eine er kanskje utdanna for ein jobb i det offentlege, medan den andre har kompetanse innan industri.

I framtida må ein derfor kunna bu i Sagvåg og jobba på Kokstad. Ein må kunna overta slektsgarden i Rosendal og ha jobben sin på Os. Unge folk må òg få tilgong til eit meir variert kulturtilbod ved at det er mogleg å reisa rundt i regionen utan ferjer og båtar som sjeldan går - og utan at ein må ut med store summar til hotellovernatting dersom ein skal gå på ein konsert. Skal Sunnhordland vera ein attraktiv region i framtida - som kan konkurrera med byane om ungdommane våre - må vi få på plass ein infrastruktur som gjer det mogleg å ta del i arbeids- og kulturlivet på tilnærma like vilkår som i byane.

Les også
Desse lokale selskapa skal kjempa for Sunnfast

Kvart år brukar fylkeskommunen enorme beløp på ferje- og snøggbåttilbodet i Sunnhordland. Likevel har vi eit tilbod som svært få er nøgde med. Vi veit òg frå debatten om ferje mellom Kvinnherad og Stord, at bedrifter i dei to kommunane let vera å levera tilbod på jobbar i nabokommunen fordi det er for dyrt med dei lange avstandane. Slik kan vi ikkje ha det.

Det vert hevda at Hordfast er pengesløsing. Tvert i mot. Viss det er noko her som kan kallast sløsing, så er det samferdsleløysingane vi held oss med i dag.

Hordfast er dermed eitt av dei mest treffsikre distriktstiltaka den neste regjeringa, uansett korleis den ser ut, kan gjennomføra for Vestlandet. Med sørleg kryssing over Langenuen har staten sagt at den ser korleis samferdsla i Sunnhordland bør utviklast i framtida. Når staten bygger Hordfast, må Sunnhordland følga opp med å bygga Sunnfast. Endeleg har staten fått augene opp for kva potensial som ligg på Vestlandet. Då vil det vera tidenes feilsteg om vi sjølve skal forkludra det i innspurten.

Peder Sjo Slettebø, Sunnfast AS