POSITIVE: Håkon Frode Særsten meiner at folkehøgskuleplanane er positive for Leirvik. Foto: Henrik Mundal Andreassen

Det beste som har skjedd Leirvik på mange år

Å drive samfunns- og næringsutvikling er ingen tilskodarsport. I ein nasjonal konkurranse mellom kommunar frå Stavanger i sør, til opp mot Polarsirkelen, har prosjektgruppa rundt Stord folkehøgskule lukkast med å få oppstartsmiddel på statsbudsjettet. Går alt etter planen opnar skulen dørene sine om under eit år — og skaper sårt trengt liv til Leirvik.

Ein folkehøgskule med breitt fokus på entreprenørskap, miljø og berekraft, samt varierte linjer frå ein mangesidig kommune er midt i blinken. Med kommunen med på eigarsida sikrar ein langsiktig strategisk eigarskap, og at forvaltninga av titals millionar i statleg driftsstøtte vert forvalta av eit fellesskap mellom kommune og næringsliv.

Les også
Slik skal dei hindra at framdrifta på folkehøgskulen stoppar opp

Andre kommunar misunner oss denne etableringa. Alle dei positive effektane ved ei slik etablering vert for lang til å ramse opp. Men med 25 arbeidsplassar og opp mot 125 elevar, med alle dei behova, aktiviteten, omsetnaden, undervisinga og ringverknadane det har, er umogeleg å sjå forbi.

For Venstre er lagspel og fellesskap ein nøkkel til god tettstadutvikling. Når næringslivet går i bresjen og finansierer slike ikkje-kommersielle prosjekt, skal dei vete at politikarane og kommunen ikkje stiller seg på sidelinja i samfunnsutviklinga.

Håkon Frode Særsten, lokallagsleiar Stord Venstre