«Før korona opplevde eg samfunnet som raust og inkluderande. No, ja no kjenst det litt kaldare», skriv Trine Gravdal. Arkivfoto: Marius Knutsen

Det er som oftast etter feriar smitten blussar opp

Eigentleg er det meiningsaust å uttrykke noko om denne pandemien. Me veit godt at slik er det no og at me må forholda oss til dette for å hindra smitte. Likevel eg vel å dela nokre tankar eg har gjort meg. Det er ei vanskeleg tid me er i. Samfunnet stengjer ned, blir delvis opna att og slik held den vonde spiralen fram. Det viser seg at etter sommarferie, juleferie, haustferie og vinterferie blussar smitten opp att. No står påsken for tur. Som mor og lærar gjer dette meg uroleg. Kva skjer i vekene etter påske? Vil ein då framleis halda samfunnet til dels stengd?

Les også
Stord gjennomfører vaksinering for fullt i påska

Når det er ferie meldar gjerne behovet seg for å samla familie og venner. Har du ungar så vil dei gjerne vere med venner og har forventningar til å finne på noko. Med eit tilnærma stengt samfunn er dette nokså utfordrande å tilfredstille. Eg kjenner på frustrasjon, og eg veit at andre kjenner på det same. Samstundes veit eg som mange andre at dette er ein felles dugnad for at kvardagen skal bli tilnærma normal att. Eg vil påstå å seie at alle gjer sin del for å unngå smittespreiing. Likevel er det nokon som faller for freistinga med å samlast med fleire enn det som er lov og oppmoda til. Dersom eg kan få be audmjukt om å ikkje felle for denne freistinga, så gjer eg det.

Etter eit år med korona kjenner eg at det røyner godt på. Lærarar og barnehagelærarar spritar og les smittevern frå perm til perm. Dei gjer ein stor innsats for at smitten ikkje skal spreie seg. Mykje tid går til å passe på at barn og ungdom held avstand, vaskar hendene og at alle berøringspunkt blir vaska. Dette kjem oppå alt anna arbeid dei hadde frå før, men innanfor den same tidsramma.

At skulen må vere open og borna må få gå der er noko eg skjønar godt. For å hindre smitte må klassane delast inn i kohortar. Eg har sjølv to born i grunnskulealder. Førre veke fekk heimen ei oversikt over noko skulen kalla vennekohort. Skulen har altså bestemt kven borna mine kan vere venner med på fritida når skulen er på raudt nivå. Dette er jo noko som kan skapa enno meir sårbarheit hos nokre born.

Les også
Berit (49) og mannen fekk beskjed om at dei er smitta: – Det er mange kjensler nett no

I følgje eit av borna mine er ikkje dei nærmaste vennene i same vennekohorten. Altså barnet mitt meiner at dei nære vennene er delt inn i ein anna vennekohort. Utfordringa er å forklare barnet kvifor det må vere slik, kvifor akkurat han eller ho kom i akkurat den vennekohorten. Noko som eit born i småskulen kan ha problem med å skjøne og syns sjølvsagt dette er blodig urettferdig. Resultatet blir at når barnet spør om dei kan få vere med bestevennen, blir svaret «diverre, de er ikkje i same vennekohort». Dette er jo noko som strir i mot det ein lærar borna. Nemleg at dei skal inkludere og vere rause med kvarandre. Som vaksen skjønar ein jo at slik må det vere no.

Før korona opplevde eg samfunnet som raust og inkluderande. No, ja no kjenst det litt kaldare. Ikkje fordi dette er noko ein ønsker. Men fordi me er redde, me er redde for smittespreiing. Ein er redd for å tolke retningslinjene, oppmodingar og påbod feil. Ein er kanskje redd for at ein kan bli dømd og skulesett dersom ein gjer feil. Dette er til å bli heilt sveitt av. Alle gjer så godt dei kan. Ein kan ikkje ha det slik at ein skal vere redd for kommentarar og stygge blikk frå verken nabo eller andre personar. Me må berre tillit til kvarandre.

Les også
Koronasjuke Susan: «Eg føler meg allereie betre!»

Eg følgjer så godt eg kan både påbod og smittevern. På eit vis gjev me frå oss fridommen me ein gong hadde, fordi me er redde for viruset. Me gjer det for å verna dei kring oss. Likevel tenkjer eg at det er viktig å reflektere over kva dette gjer med oss som individ. At skuleborn får eigne vennekohortar er på eit vis å ta fridom i frå barna, fridom til å velje vennene sine sjølve. Kva gjer dette eigentleg med borna våre? Me prøvar berre etter beste evne å beskytta dei og dei andre kring oss. Men kva verknad vil dette eigentleg få på lengre sikt? Vil me verta meir framand og utrygge for kvarandre? No er dei fleste redde for smitte, held avstand og dannar sine eigne små krinsar. Kva med dei som då ikkje blir inkludert i den eine eller andre krinsen? Passar me på desse, eller nøyer me oss med å fokusere på vårt og ikkje har ork til noko anna?

I desse dagar har me på eit vis blitt fråteke fridommen me eingong hadde. Fridommen til å samla alle dei vennene ein er så glad i, inkludera alle, klemme ein gammal venn du møter på og kunne reise saman. No kan me me ikkje gjere dette sjølv om ein vil, har lyst eller behov.

Les også
Alexander (20) hadde laga seg eit strengt smitteregime - så kom telefonen

Eg trur og vonar at alle ønsker at me skal tilbake til slik det eingong var. For å få dette til krev det mykje av alle og ein. Det krev at ein klarar å halde seg i skinnet og ikkje falla for freistinga til å samla meir folk enn det ein bør og kan. Det krev at me held avstand, vennekohort, til dels stengjer ned samfunnet også vidare. Så ver gild i påsken og følg smitteråda! Ikkje reis til område med høg smitte, ikkje smala meir folk enn det som blir oppmoda. Så slepp barnehagelærarar, helsevernet, lærarar og dei eg ikkje får nemnt her bli enno meir slitne enn det dei allereie er.

Som innleiingsvis er det etter feriar det visar seg at smitten blussar opp att.

Artikkelen held fram under annonsen.

Trine Gravdal