Det går eit spøkjelse gjennom Hystadmarkjo

Dette lesarinnlegget skal handla om havsivaks, eller «hafsetafsen», som eg likar å kalla han for. For eit par veker sidan, tok eg meg nemleg ein liten spasertur i idylliske Hystadmarkjo. Eg naut den frie naturen og pusta inn den friske sjølufta. Snart var eg framme ved Straumen, eit lite brakkvatn som ligg tett opp mot anlegget til Leirvik AS. Men det var noko som ikkje stemde. Eg kunne ikkje riktig peika på det, men Straumen hadde endra seg sidan sist eg såg han, som eg ærleg må innrømma at er ein del år sidan no. Kva kunne det vera?

Les også
Rette tida for rusling i Hystadmarkjo

Svaret fann eg på ein plansje like ved. Der kunne eg lesa at Straumen held på å gro att av eit strå som heiter, ja, du har nok gjetta det, «havsivaks». Dette må me få ein slutt på! Eg er fullt klar over at Hystadmarkjo er verna naturområde. Men natur kan òg skada natur. Vil me til dømes at heile øya vår skal oversymjast av hafsetafsen? Det øydelegg for det elles so mangfaldige økosystemet i brakkvatnet.

Me må visa handlekraft for å hindra at Straumen skal gro fullstendig att. Om ikkje kommunen snart tar ansvar for å fjerna denne invasjonen av ei plante, kan Stord kommune like gjerne endra kommunevåpenet sitt frå ein kristtorn-kvist til ein hafsetafs!

Men før den tid, må me gjera det me kan som enkeltpersonar. Eg har sjølv vore ute og plukka hafsetafs, og oppfordrar andre til å gjera det same. Han er overraskande fin å ha i kjøkenvindauget.

Marianne Eckle Hystad