KRIGFØRING: «Ein vil fortsetta ei særdeles mislukka og usosial krigføring mot folk som brukar andre rusmiddel enn alkohol», skriv rusforskar Jakob Hystad om Ap sitt vedtak. Foto: Privat

Det hev ei rose visna

Under landsmøtet til Arbeidarpartiet 15.-17. april vart det vedteke å skrota regjeringa sitt rusreformforslag. Jonas Gahr Støre stod i spissen av eit splitta parti og hevda at ei avkriminalisering for bruk og mindre innehav av narkotiske rusmiddel ikkje var vegen å gå. Samstundes hevda han at ein skulle hjelpa dei som trengde det mest, altså dei menneska som er tungt rusavhengige, og at me skulle vera solidariske med dei som «ikkje skulle inn i det». Kva han meiner med det er svært uklart.

Ved å skrota forslaget, hevdar Jonas seg over Verdas Helseorganisasjon, Global Commission on Drug Policy, FNs høgkommissær for menneskerettar, FNs toppleiargruppe, FN-kontoret for narkotika, Riksadvokaten, Psykologforeninga, Sjukepleiarforbundet, Landsforeninga for oppsøkjande sosialt ungdomsarbeid, Fagrådet - rusfeltets hovudorganisasjon, Fellesorganisasjonen, Forandringsfabrikken, tidsskriftet The Lancet, og diverse brukarorganisasjonar, som samlege stiller seg bak avkriminalisering.

Ved å skrota forslaget meiner Jonas at me skal fortsetta med ein praksis som går ut på å straffa menneske med helseutfordringar, ein praksis som råkar sosialt skeivt, ein praksis som straffar på bakgrunn av ulovleg bruk av maktmidlar, og ein praksis som medfører betydeleg større helserisiko knytt til ulovleg rusbruk. Jonas meiner at me ikkje skal straffa dei som er «tunge rusavhengige», men at alle andre med moderate eller startande problem framleis treng å straffast. Korleis han har tenkt at denne kategoriseringa av rusbrukarar skal fungera i praksis, seiast ingenting om. Kven skal avgjera om vedkommande som treff på politiet kvalifiserer for ei avhengigheitsliding og dermed ikkje skal straffeforfølgjast?

I spesialisthelsetenesta har ein psykiatrar, psykologar og legar for å vurdera om ein person er avhengig eller ei. Om ein skal vedta ein praksis som Jonas føreslår må altså då fagfolk med kompetanse inn å vurdera eit kvart tilfelle der politiet vurderer å oppretta ei straffesak for bruk eller innehav av illegale rusmiddel. Av motstandarane av reforma skrikast det høgt om mangel på ressursar knytt til reforma som er lagt fram, at kommunane ikkje har sjanse til å følgja opp alle dei som vert visa til ein samtale med eit rådgjevande organ, slik reforma føreslår. Korleis tenkjer motstandarane at me har ressursar til å følgja opp eit kvart tilfelle av møte mellom politi og rusbrukar, for å vurdera om vilkåra for straff er oppfylt eller ei? Ved eit slikt alternativ som Jonas presenterer skal ein ikkje berre gjera lova ulik for folk, men også fortsetta ei særdeles mislukka og usosial krigføring mot folk som brukar andre rusmiddel enn alkohol. Dette er ikkje eit Arbeidarparti verdig. Når det er sagt vil eg rosa dei kreftene i AP som har jobba iherdig for ei rusreform. Fleire fylkeslag, inkludert Vestland AP, har tatt til orde for vår tids største sosialpolitiske reform. Det gir tru på at dette nederlaget ikkje er endeleg, berre midlertidig. Men at det hev ei rose visna? Absolutt.

Jacob Hystad, rusforskar